Selvåg senior ulmatec pyro system illustrasjon skipsteknisk ulmatec pyro 11
SMART VARMEBRUK: Mest mogleg av overskotsvarmen frå motorane om bord på Selvåg Senior, skal takast vare på og helst nyttast til ny energi. Ulmatec Pyro sine system (innfelt) syr det heile saman. Illustrasjon: Skipsteknisk/Ulmatec Pyro
Nytt

Held koken frå rekordåret

Ved hjelp av Ulmatec Pyro kan nytt fiskefartøy bli eitt av dei mest energieffektive som finst ved å gjenbruke overskotsvarme og lage grøn elektrisk energi.

Marius Rosbach
22.02.2021

Søvika-selskapet Ulmatec Pyro jobbar med utnytte motorane sin overskotsvarme og gjenbruke den om bord på skip, slik at reiarane kan bruke mindre på drivstoff.

No har dei sikra eit oppdrag om bord på det nye pelagiske fiskefartøyet Selvåg Senior som er under bygging ved Cemre-verftet i Tyrkia. Ulmatec Pyro bidreg med eitt av fleire tiltak om bord.

Skal kutte utsleppa med 42 prosent
Reiarlaget som held til på Nordlandskysten blir dei første til å installere ein straumgenerator med Tegma-teknologi om bord på eit nybygd fiskefartøy, opplyser salssjef Karstein Nygård i Ulmatec Pyro til NETT NO.

– Vi skal levere eit automatisk system for varmegjenvinning der overskotsvarmen frå eksos og kjølevatn blir nytta til varmeforbruk elles om bord, og til ei eining som skal lage grøn elektrisk energi, forklarar han.

Bygginga av fartøyet har fått støtte frå Innovasjon Norge og ein rekke ulike tiltak om bord skal redusere utsleppet av klimagassar med 42 prosent.

Prosjektet er ein del av regjeringa si tiltakspakke for «grøn flåtefornying» og har ein prislapp på kring 400 millionar, ifølgje Tekfisk.no.

På nivå med rekordåret
Ulmatec Pyro held også koken etter at dei hadde eit rekordår i 2019. Då dobla dei inntektene frå året før til 102 millionar.

2020 starta med god ordreinngang, men etter kvart fekk også dei fekk merke at prosjekt blei sett på hald som følgje av koronapandemien.

Likevel reknar dei med å ende opp med ei omsetning på nivå med rekordåret – nærare 100 millionar – og eit resultat i pluss, ifølgje Nygård.

Har samarbeida med Skipsteknisk
På Selvåg Senior har dei jobba tett saman med reiaren og Skipsteknisk i Ålesund, som har designa det nær 80 meter lange fiskefartøyet.

– Vi merker økt interesse for systema våre. Eit godt samarbeid og planlegging på prosjekta er viktig for at vi i fellesskap skal klare å redusere utslippene og nå klimamåla, fortel salssjefen.

Publisert: 22.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 22.02.2021 23:25

Mer om