Helse Midt-Norge tapte mot Nordvest Taxi
Kan ikkje gi millionoppdrag til konkurrent før klagesak er avgjort.
Striden mellom Nordvest Taxi i Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge gjeld oppdraget med å køyre pasientar på Nordmøre, i Romsdal og på søre Sunnmøre.
Helse Midt-Norge tildelte oppdraget til Persontransport 1, eit selskap under etablering.
Nordvest Taxi gjekk til sak for å få sett tildelinga til side.
Konkurrenten oppfyller ikkje vilkåra for å vere med i konkurransen, meiner Nordvest Taxi, og fekk medhald i at kravet om at tildelinga blir sett til side til klagesak er avgjort.
302 millionar
Striden handla om køyreoppdrag for 302 millionar kroner, kom det fram i rettsaka i mandag denne veka.
Dommen betyr at Nordvest Taxi får tid til å få behandla klagen på tildelinga, før oppdraget kan bli tildelt.
Det er KOFA, Klageutvalet for offentlege anskaffelsar) som skal behandle klagen.
Nordvest Taxi har fleire drosjeselskap i Møre og Romsdal som medeigarar, og har pasientkøyring som hovudverksemd.
Bak konkurrenten, Persontransport 1, står blant andre Arild Røder og Bjørn Helge Raknes. Raknes er dagleg leiar og eigar av Turbilane as i Sula kommune, Røder er dagleg leiar og eigar av Ålesund Turvogn Service.
Ikkje bindande
I følgje dommen konkluderer retten med at det konkurrerande bodet ikkje var bindande:
"Retten forstår anskaffelsesregelverket slik at tilbudet må være bindende for tilbyderen ved tilbudsfristens utløp, og at det ikke er tilstrekkelig med den avledede bindingen som følger av at representantene for selskapet har et personlig ansvar frem til registreringen. Retten er kommet til at det ikke er tilstrekkelig at tilbudet på tilbudstidspunktet bare er bindende for selskapets representanter"
- Det gikk godt så langt, men ferdige er vi ikke. Advokaten og vi starter nå arbeidet med klagen til KOFA, skriv dagleg leiar Steinar Nilsen i Nordvest Taxi i ein epost til NETT NO.
Publisert: 09.03.2022 09:31
Sist oppdatert: 09.03.2022 10:16