Vil ha avvist bod frå taxi-konkurrent
Konkurrenten skulle aldri fått vere med konkurransen om pasientkøyring, argumenterte Nordvest Taxi i retten i dag.
Det handlar om køyreoppdrag for 302 millionar i Trøndelag Tingrett måndag.
Nordvest Taxi krev at Helse Midt-Norge si tildelinga av oppdraget til Persontrafikk 1 As skal settast til side, med argument om at tilbodet skulle vore avvist i utgangspunktet.
Striden i retten måndag stod ikkje om kva som har skjedd, men korleis hendinga og regelverket for offentleg kontraktar skal forståast.
Dommaren håpar at han har konklusjonen klar i løpet av i morgon, tysdag 8. mars. Det sa han før retten vart heva.
Selskap under stifting
Persontransport 1 var eit selskap under stifting då tilbodet om å stå for pasientkøyring på Nordmøre, i Romsdal og på søre Sunnmøre blei levert. Bodet var i realiteten ikkje bindande då tilbodet blei levert og tildelinga av oppdraget skjedde.
I stiftingsdokument sto det ingenting om at selskapet kunne inngå rettsleg bindande kontrakter og registrering av innbetalt aksjekapital skjedde for seint.
Konsekvensen av dette er at bodet ikkje var bindande, ifølgje innleiinga til Nordvest Taxi sin prosessfullmektig Robert Myhre i retten måndag. Når bodet ikkje er bindande skal det avvisast, sa han.
Nordvest Taxi har klaga tildelinga inn for Kofa (Klagenemda for offentlige anskaffelser), og Myhre la ned påstand om at Helse Midt-Norge får forbod mot å inngå kontrakt med Persontransport 1 inntil Kofa har behandla klagen.
Stikk motsett konklusjon
Persontransport 1 sin prosessfullmektig, Vilde Kvist Rydvang, hadde stikk motsett tolking av lov- og regelverk.
Bodet frå Persontransport 1 er rettsleg bindande, mellom anna fordi styreleiar og styremedlem som har signert tilbodet har forplikta selskapet og har eit personleg ansvar.
Bak Persontransport 1 står blant andre Arild Røder og Bjørn Helge Raknes.
Raknes er dagleg leiar og eigar av Turbilane as i Sula kommune, Røder er dagleg leiar og eigar av Ålesund Turvogn Service.
Les også
Publisert: 07.03.2022 11:39
Sist oppdatert: 07.03.2022 12:32