Øyvind Reed foto Videonor
VEKST: Wherby-sjef Øyvind Reed har leia selskapet gjennom den sterkaste vekstperioden hittil dei siste 12 månadane.
Nytt

Hentar 100 millionar til Whereby

Har gått frå 20 til 110 tilsette på eitt år.

17.03.2021

Videokonferanseselskapet Whereby, tidlegare Videonor, i Måløy har fått inn 12 millionar dollar, omlag 100 millionar kroner i ny eigenkapital.

Selskapet har fleirdobla seg under koronapandemien etter at reise- og møterestriksjonar har fått næringslivet verda over til møtes på nett.

Før pandemien kom hadde selskapet 20 tilsette, no er det 110, spreidde over heile verda.

Driftsinntektene ligg no 450 prosent over nivået for 12 månadar sidan.

Internasjonale investorar
Dei nye investorane som har kome inn i selskapet gjennom emisjonen er blant andre det tyske investeringselskapet Point Nine, Jason M. Lemkin's SaaStr Fund og ei gruppe på i alt 20 andre investorar. Det skriv Fjordenes Tidende.

Blant dei 20 investorane er Jason M. Lemkin (grunnleggaren av Saastr-fonda), skriv teknologinettsida Techcrunch.

Wherby konkurrere med Google, Microsoft og Zoom. Det krev kapital.

– Det er eit rotterace. Anten så kan ein stå på sidelinja og melde seg ut, eller så er ein med på spelet, seier dagleg leiar og medeigar Øyvid Reed til teknoligiavisa Shifter.

Lokale eigarar
I følgje proff.no hadde Whereby Telenor som største eigar før den siste kapitalutvidinga, mned 30 prosent av aksjane.

Det er ikkje offentleggjort kor stor eigarandel dei nye aksjonærane får.

På andreplass kom selskapet Støa, med Gunnar Carlsons som eigar. Støra hadde 12,1 prosent av aksjane.

Kopperud Mikalsen Invest eigde 11,9 prosent.

LocalHost Holding eigde 11,6 prosent. Det selskapet er eigd av ei fleire investorar i Måløymiljøet, som mellom anna var med på å bygge opp Lefdal Mine Datacenter.

Publisert: 17.03.2021 16:06

Sist oppdatert: 17.03.2021 16:42