Etter fleire veker med oljeprisar over 100 dollar fatet, fall den onsdag til kring 90 dollar etter våpenkvila mellom USA og Iran natt til onsdag.
Dagleg leiar Jan Magnus Kleven i Bunker Oil kryssar fingrane for meir rolege tider framover.
– Vi har ingen gevinst av høg oljepris. Det påverkar oss negativt, og vi vil gjerne ha den ned, seier han til Nett No.
Kleven tvilar likevel på at ein vil kome ned på nivået kring 60 dollar fatet, slik ein såg i fjor haust.
– Eg trur ikkje at oljeprisen vil kome tilbake der den var før konflikten, og at det i tilfelle vil ta lang tid. Eg fryktar også at vi kan få nokre tilbakesteg, sjølv om partane no verkar å ha kome til nokolunde fornuft, legg han til.
Sel for milliardar årleg
Bunker Oil sel drivstoff for fleire milliardar kvart år, hovudsakleg til skipsfarten
Svingane oljepris verkar inn på drifta på ulike måtar. Den slår mellom anna ut på innkjøps- og utsalsprisane.
Oljeprisen kan også slå ut på verdien av drivstofflagera. Om oljeprisen går opp, blir lagera meir verdt. Når prisen fell, blir dei mindre verdt. Det mest krevjande er usikkerheita.
– Lagerverdiane svingar, men gjerast opp ein gong i året i rekneskapen, påpeiker Kleven.
Vil ta tid å bygge opp kapasitet
Bunker Oil-sjefen fortel at han aldri før har opplevd slike svingingar som no.
At dieselen ligg fleire kroner over bensinprisen har å gjere med at det er eit raffinert produkt, og at mange raffineri er sett ut av spel eller manglar råvarer grunna krigen.
– Det vil ta tid å bygge opp igjen den kapasiteten, påpeiker Kleven.
Om situasjonen hadde halde fram – eller igjen blir forverra – ser han ikkje vekk frå at det kan føre til mangel på drivstoff og rasjonering.
Forstår ikkje forskjellsbehandling
Norske politikarar har vedteke avgiftskutt for å dempe konsekvensane av det stigande drivstoffprisane. Fleirtalet på Stortinget vedtok kutt i både vegavgift og CO2-avgift på diesel og bensin. Førebels er det berre vegavgifta som er fjerna.
Mellom anna Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum har etterlyst fortgang med å fjerne CO2-avgifta på vanleg diesel, anleggsdiesel og ulike dieseltypar for sjøfart og fiskeflåten.
Bunker Oil-sjefen fortel at dagens situasjon er vanskeleg å handtere.
– Eg forstår ikkje denne forskjellsbehandlinga når det er snakk om eit krisetiltak. Politikarane kunne gjort det enkelt, ved å fjerne CO2-avgifta likt for alle, men valde å gjere det komplisert. No er det skilnad på om du til eksempel er entreprenør, eller driv eit fiskefartøy eller fraktefartøy. Men alle blir råka av dei høge prisane, seier Kleven.
Les også
Publisert: 09.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 08.04.2026 21:42






