Heroey og Haram misser store overfoeringar
POPULÆRT: Det nye badelandet i Herøy er eitt av tilboda kommune har bygd opp takka vere pengar frå erstatningsordninga for auka arbeidsgivaravgift. Etter 2018 er det slutt på overføringane.
Nytt

Herøy og Haram misser store overføringar

På tre år er dei ekstraordinære overføringane til Herøy meir enn halvert. I 2013 kom nesten 42 millionar inn på konto. Etter 2018 blir det null.

03.05.2016
Då Noreg vart tvinga til å gi opp systemet med ulik arbeidsgivaravgift i 2004, vart det innført eit system der Herøy og andre kommunar med lågare arbeidsgivaravgift enn i nabokommunane fekk utbetalt erstatning for å kompensere for skaden.
Det var EØS-avtalen og krav om like konkurransevilkår som gjorde at Noreg måtte gå bort frå å ulik arbeidsgivaravgift. Men som ei overgangsordning fekk Noreg lov å sende dei ekstra inntektene i statskassa attende til kommunane, og øyremerke dei til næringsretta tiltak.
På topp, i 2013 var utbetalinga til Herøy nesten 42 millionar kroner.
For 2016 blir den 19,8 millionar kroner, ned frå 34 millionar i 2015.

Badeland

I Herøy er kompensasjonen brukt til å finansiere fleire felles samfunnstiltak, i kombinasjon med private og ordinære kommunale midlar. Du finn pengane att i mellom anna både nytt badeland, konsert og kinoanlegg i tilknytning til det nye hotellet og ei oppgradering av Fosnåvåg sentrum.

Då utbygginga av badelandet viste seg å bli dyrarar enn planlagt var kompensasjonsmidla gode å ha.

Bort etter 2018

Det er Regjeringa som løyver pengane, men det er Møre og Romsdal fylke som fordeler dei, der fordelingsnøkkelen er kven som tapte mest på at arbeidsgivaravgifta vart heva.
I går vedtok Regional- og næringsutvalet i fylket at dei 35,5 millionar kroner for 2016 skal fordelast med 19,8 millionar kroner til Herøy og 12,2 til Haram, medan resten blir fordelt på Hitra, Midsund, Gjemnes og Eide.
For 2015 hadde fylket 61,9 millionar kroner til fordeling.
Etter 2018 vil regjeringa ta bort heile ordninga.

Haram satsar på veg

På Nordvestlandet er Haram den andre store mottakaren av erstatning for auka arbeidsgivaravgift.
Der har kommunen prioritert å sette av alle pengane til å betale for bygging av Nordøyvegen, som skal knyte saman øyane og fastlandet i kommunen med vegar og undersjøiske tunnelar.

Nett no er det uvisst kva som skjer med vegbygginga etter at reglane for kor bratte tunnelar kan vere er innskjerpa.

Konkurransevridande

Tidlegare Ulsteinordfører Jan Berset vekte harme i Herøy då han kritiserte erstatningsordninga då næringskomiteen på Stortinget vitja Sunnmøre i september 2014.
Konkurransevridande, kalla Berset ordninga, og :
- Eg berre konstaterer at i dagens situasjon så må dette oppfattast som konkurransevridande. Vi må låne pengar for å gjere det som er nødvendig, sa Berset.

-Usedvanleg positiv

Det er næringslivet i Herøy gjennom Herøy Næringsforum, som kjem med framlegg om korleis pengane skal brukast, før kommunestyret fattar eit vedtak og sender det til fylkeskommunen for endleg avgjerd.
Dagleg leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy Næringsforum seier det i ifjor vart løyvd pengar til badelandet, ny idrettshall, eit grendahus og byutvikling. Det står framleis att mellom sju og åtte millionar kroner som ikkje er fordelt av 2015-midlane.
Hadde erstatningsutbetalingane blitt berekna slik dei vart gjort fram til og med 2013 ville Herøy fått cirka 57 millionar kroner utbetalt i år. I staden må kommunen bu seg på at overføringane vil forsvinne.
- Søknadsbunken er like stor som den har vore før, men vi må tenkje ekstra nøye etter korleis vi skal prioritere. Midlane har vore heilt usedvanleg positive for Herøy, seier Kvalsvik.


Midlane har vore heilt usedvanleg positive for Herøy

Publisert: 03.05.2016 11:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56