Her blir det auka fart paa nett
BREIBANDUTBYGGING: Kartet viser oversikt over områda. Grønt er tildelt Telenor, raudt Nordvest Nett, medan grå betyr at ein ventar med tildeling. Påtroppande stabssjef for digitalisering og innovasjon Helge Veum i Nye Ålesund påpeiker at utbygginga er avhengig av tilstrekkeleg abonnentar. 
Nytt

Her blir det auka fart på nett

To selskap skal dele på jobben med å bygge ut 26 nye område i Nye Ålesund.

Marius Rosbach
31.05.2019
Nye Ålesund kommune har inngått avtale med Telenor og Nordvest Nett AS om utbygging og drift av høghastigheitsbreiband i 26 område.
Dei to selskapa var dei einaste som leverte kvalifiserte tilbod. Kriteriet for at område kunne vere med, var at det ikkje er kommersielt lønnsamt å bygge ut åleine (sjå kart over og liste under).
– No er utbyggjarane kjente med kva område dei får kontrakt for å bygge ut og drifte. Dei kjem til å legge planar for gjennomføring av utbygginga, og nokre område vil bli bygde ut før andre. Det vesentlege av utbygginga vil skje i 2019 og 2020, seier påtroppande stabssjef for digitalisering og innovasjon Helge Veum i Nye Ålesund kommune i ei pressemelding.

Avhengig av nok abonnentar

Veum oppmodar innbyggarar og næringsliv i dei aktuelle områda til å teikne abonnement når dei får tilbod om det frå ein av leverandørane, for å sikre utbygging
– Framleis er det slik at tilstrekkeleg mange innbyggarar må teikne abonnement for at utbygginga skal skje, seier han.
Nye Ålesund har fått eingongsstøtte til utbygging (NKOM-midlar) for nokre område: Hellestranda i Haram, Fylling/Hjelen i Skodje og Skarbø-Vestre i Ørskog.

Inntil 30 millionar

Det er vedteke at Nye Ålesund kommune skal nytte inntil 30 millionar kroner til breibandutbygging. Avtalane som no er inngått med Telenor og Nordvest Nett er på totalt 27,6 millionar, inkludert NKOM-støtte frå kommunen.
Ved Hellandshamn, Skulstad, Remme og Samfjorden i Haram ventar ein med tildelinga, fordi det må undersøkast nærare om det er mogleg å gi støtte grunna eksisterande nettilbod.

Her er områda som blir utbygde:

1 Hellestranda, Haram, Telenor Norge AS
2 Kalvøya, Haram, Telenor Norge AS
6 Krogsætra, Haram, Nordvest Nett
7 Vestrefjorden, Haram, Telenor Norge AS
8 Skor, Ertresvågen, Grøt, Haram, Telenor Norge AS
9 Bjørnøya, Haram Nordvest Nett AS,
10 Skjeltene-Hildre, Haram Telenor Norge AS
11 Sandøy kommune uten Harøy og Finnøy, Sandøy, Telenor Norge AS
12 Fylling/Hjelen, Skodje Telenor Norge AS
13 Håem/Glomset/Heggebakk, Skodje, Telenor Norge AS
14 Svorta, Skodje Telenor Norge AS
15 Straumen, Skodje Telenor Norge AS
16 Reiakvam, Skodje Telenor Norge AS
17 Utvika/Ellingsøyfjorden, Skodje, Telenor Norge AS
18 Stavset/Steinset, Skodje Telenor Norge AS
19 Skar/Erstad/Grasdal, Skodje Telenor Norge AS
20 Engset, Skodje Telenor Norge AS
21 Skarbø-Vestre, Ørskog Nordvest Nett AS
22 Vaksvika, Ørskog Nordvest Nett AS
23 Gausneset, Ørskog Nordvest Nett AS
24 Barlindhaugen, Ørskog Nordvest Nett AS
25 Tyssegardane, Ørskog Nordvest Nett AS
26 Taftasundet, Ålesund Telenor Norge AS
27 Magerholm/Hesseberg, Ålesund, Telenor Norge AS

Publisert: 31.05.2019 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35