Nytt
Her er beste kommunen i Møre og Romsdal
Ålesund er beste kommunen i Møre og Romsdal, og er nummer 16 i landet i kommune-NM. Lave administrasjonskostnader er ein av grunnane.
23.08.2018
Aller best i landet skårar Sola, føre Oslo og Bærum.
På Sunnmøre er Ulstein nest best med ein 29. plass, føre Giske på 53. plass.
I Nordfjord er Eid på 60.plass, medan Sogndal skårar best i Sogn og Fjordane med ein 12.plass nasjonalt.
Det er NHO som står bak kommune-NM for sjuande året på rad.
Ålesund sin 16. plass er den beste rangeringen kommunen har hatt sidan NHOs kommune-NM starta i 2012. Kommunen skårar generelt godt i alle kategoriar, og er blant anna nummer fem på lista over kommunane i landet med lavast administrasjonskostnad per innbyggjar.
På Sunnmøre er det Vanylven og Norddal som har størst framgang frå i fjor. Begge rykker opp 23 plassar, men ligg framleis i nedre halvdel.
– At eit fleirtal av kommunane i Møre og Romsdal rykker oppover på lista, er eit positivt signal, seier regiondirektør Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal i ei pressemelding.
- Men framleis er mange av kommunane litt for langt nede på lista til at vi kan seie oss heilt fornøgde.
- Så både politikarar og næringslivet i deler av fylket har foramleis ein jobb å gjere, seier Ytreberg.
På indikatoren for tilsette med fagbrev, antal uføre og privat sysselsetjing vert Møre og Romsdal rangert som nummer fire i landet. Fylket skårar lavast av alle fylka i antall sysselsette med meir enn fire års utdanning.
Nye Vestland fylke kjem på plassen før Møre og Romsdal, medan Oslo er aller best føre nye Viken fylke.
NHO sitt kommune-NM gir nøkkeltal på ei rekke område som er av interesse for næringsliv, politikarar, offentlege etatar og innbyggjarar.
Alle indikatorane er henta frå offentleg statistikk. Målinga er utført av analysebyrået Menon Economics på vegne av NHO.
På Sunnmøre er Ulstein nest best med ein 29. plass, føre Giske på 53. plass.
I Nordfjord er Eid på 60.plass, medan Sogndal skårar best i Sogn og Fjordane med ein 12.plass nasjonalt.
Det er NHO som står bak kommune-NM for sjuande året på rad.
Rimeleg administrasjon
Kommune-NM måler alle dei 422 kommunane på område som kompetanse, arbeidsmarknad, næringsliv og kommuneøkonomi.Ålesund sin 16. plass er den beste rangeringen kommunen har hatt sidan NHOs kommune-NM starta i 2012. Kommunen skårar generelt godt i alle kategoriar, og er blant anna nummer fem på lista over kommunane i landet med lavast administrasjonskostnad per innbyggjar.
På Sunnmøre er det Vanylven og Norddal som har størst framgang frå i fjor. Begge rykker opp 23 plassar, men ligg framleis i nedre halvdel.
- Positivt signal
Ørskog er den kommunen som fell mest, frå 174. plass 2017, til ein 220. plass i år.– At eit fleirtal av kommunane i Møre og Romsdal rykker oppover på lista, er eit positivt signal, seier regiondirektør Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal i ei pressemelding.
- Ein jobb å gjere
Ho meiner at dette viser at næringslivet og kommunane er på rett veg med snuoperasjonen etter den oljerelaterte nedturen som særleg ramma den maritime industrien og leverandørane hardt.- Men framleis er mange av kommunane litt for langt nede på lista til at vi kan seie oss heilt fornøgde.
- Så både politikarar og næringslivet i deler av fylket har foramleis ein jobb å gjere, seier Ytreberg.
Fylket skårar lavt
I rangering mellom fylka kjem Møre og Romsdal på 8. plass av landets elleve fylke. Fylket skårer dårleg på kategoriane demografi og økonomi.På indikatoren for tilsette med fagbrev, antal uføre og privat sysselsetjing vert Møre og Romsdal rangert som nummer fire i landet. Fylket skårar lavast av alle fylka i antall sysselsette med meir enn fire års utdanning.
Nye Vestland fylke kjem på plassen før Møre og Romsdal, medan Oslo er aller best føre nye Viken fylke.
NHO sitt kommune-NM gir nøkkeltal på ei rekke område som er av interesse for næringsliv, politikarar, offentlege etatar og innbyggjarar.
Alle indikatorane er henta frå offentleg statistikk. Målinga er utført av analysebyrået Menon Economics på vegne av NHO.
Både politikarar og næringslivet i deler av fylket har foramleis ein jobb å gjere
Publisert: 23.08.2018 21:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25