Her er sjoekarta like gode som paa land
SJØKART: Utsnitt av sjøkartet utanfor Rundevarden på Runde.
Nytt

Her er sjøkarta like gode som på land

Nye høgoppløyselege sjøkart dekkjer 800 kvadratkilometer av sjøbotnen på søre Sunnmøre.

06.06.2016
Ein serie med nye, høgoppløyselege kart over sjøbotnen på søre Sunnmøre er no tilgjengelege, opplyser NGU (Norges Geografiske Undersøkelser).
Karta gir ei detaljert framstilling av botntype og terrengvariasjon over sjøbotnen i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.
Dei nye sjøkarta er eit resultat av eit toårig kartleggingsprosjekt, finansiert av NGU, kommunane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Runde Miljøsenter har vore koordinator i arbeidet.

Les her:


Spennande detaljar

NGU opplyser at ulike sedimenttyper gir ulike levevilkår for botndyr, og kunnskap om terreng- og botntypevariasjon på sjøbotnen er også viktig og nyttig når menneskeleg aktivitet i kystsonen skal planleggast.
Dei marine grunnkarta vil vere viktige i forvaltninga av sjøområda til kommunane, og dei avdekker også spennande detaljar på sjøbotnen.

Fiskarinteresse

Sjøkarta vil vere av stor interesse for mange ulike brukarar, for eksempel innan fiske, friluftsliv og forsking.
Ikkje minst er det mange fiskarar som har venta i spenning på dei nye karta.
Karta er tilpassa visning i målestokk 1:20 000.
Dei skal presenterast på avslutningskonferansen for kartleggingsprosjektet på Runde Miljøsenter i Herøy 8. juni.

Publisert: 06.06.2016 10:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57