- Det hadde vore utruleg kjekt om vi fekk til ny brusproduksjon her. Vi undersøker no prisar på utstyr for å sjå om det er økonomisk forsvarleg å starte opp att produksjonen av brus.
Det seier Thomas Busker Larsen, som er svigerson til den tidlegare Brænne Brus-direktøren Martin Brænne.
- Her er Norges beste vatn tilgjengeleg, vi har dei gamle produksjonslokala, vi har oppskriftene, så dette skal nok gå med litt arbeid og optimisme, seier Martin Brænne.
- Tenk om vi på nytt kunne produsere Prii Grapesoda! Det var min favoritt.
- Eller Solbærbrusa. Heilt nydeleg, seier svigersonen frå Bergen.
Denne artikkelen kan du og finne i årets NETT NO-magasin, som er på veg ut i postkassene. Ta gjerne kontakt om du ikkje får magasinet,
Over 100 år etter at Volda Mineralvatn vart starta opp, kan det dermed vere klart for ny brusproduksjon. Men det starta med saft, der ein laga ulike saftprodukt av bær innkjøpt frå bøndene på Folkestad.
- Det var vanskelege tider, og tanken til far Lars var å hjelpe bøndene med å få seld bæra samstundes som det vart arbeid til nokre av dei sju brørne hans, seier Martin Brænne.
Dermed vart det også stopp i produksjonen av den populære Brænne-safta.
Dette førde til lokale protestar, og relanseringa av Brænne-safta skjedde etter ein Facebook-aksjon med over 3.000 følgjarar for å få ‘Brænne-safta tilbake til folket’.
Busker Larsen er sjølv lærar på Folkestad, medan Bjåstad Hovlid er rektor for vaksenopplæringa i Ulsteinvik, og dei to skulefolka fann ut at dei skulle gjere eit forsøk med å produsere Brænne-safta på nytt.
Det vart ein stor suksess.
- No produserer vi 70.000 flasker i året, og safta vert seld i ei rekkje butikkar frå Naustdal i sør til Åndalsnes i nord, seier Busker Larsen.
Martin Brænne seier at safta eigentleg er ein leskedrikk. Han trur at årsaka til at så mange likar safta, og sakna ho sterkt, er at oppskrifta har drops-smak.
- Vi tok utgangspunkt i smaken på bringebær-dropsa, og blanda etter kvart inn litt andre smakar, som frå ripsbær.
Men no skal det satsast på spesialprodukt i mindre volum.
- I starten ser vi for oss å produsere tre-fire ulike merke i sekspakningar med 33 centiliter-flasker, seier Thomas Busker Larsen.
Det har allereie vorte gjort eit forsøk med produksjon av den gamle Luks-brusa.
- Salet gjekk radigt unna, og det gav meirsmak.
- Dette er litt nostalgi, men det er også lokalmat og lokal kultur. Dette har vi tru på.
Martin Brænne synst planane er spennande, og ser slett ikkje vekk frå at han sjølv også kjem til å engasjere seg litt.
- Det vil vere utruleg om vi får til ny brusproduksjon på Folkestad, og endåtil kan tilsetje folk etter kvart.
- Og tenk om eg på nytt kan få drikke Prii Grapesoda!
Det seier Thomas Busker Larsen, som er svigerson til den tidlegare Brænne Brus-direktøren Martin Brænne.
- Her er Norges beste vatn tilgjengeleg, vi har dei gamle produksjonslokala, vi har oppskriftene, så dette skal nok gå med litt arbeid og optimisme, seier Martin Brænne.
Saknar Prii Grapesoda
79-åringen seier at mange har sakna dei gamle brusmerka frå Folkestad.- Tenk om vi på nytt kunne produsere Prii Grapesoda! Det var min favoritt.
- Eller Solbærbrusa. Heilt nydeleg, seier svigersonen frå Bergen.
Denne artikkelen kan du og finne i årets NETT NO-magasin, som er på veg ut i postkassene. Ta gjerne kontakt om du ikkje får magasinet,
Over 100 år etter at Volda Mineralvatn vart starta opp, kan det dermed vere klart for ny brusproduksjon. Men det starta med saft, der ein laga ulike saftprodukt av bær innkjøpt frå bøndene på Folkestad.
- Det var vanskelege tider, og tanken til far Lars var å hjelpe bøndene med å få seld bæra samstundes som det vart arbeid til nokre av dei sju brørne hans, seier Martin Brænne.
Facebook-aksjon
Og det var nettopp Brænne-safta som i 2015 fekk Thomas Busker Larsen saman med kompisen Lars Erling Bjåstad Hovlid til å starte med ny produksjon av «Brænne saft type rød», etter at Volda Mineralvatn stoppa produksjonen i 2009. Drifta skjedde då frå Furene med bruk av Ivar Aasen-kjelda.Dermed vart det også stopp i produksjonen av den populære Brænne-safta.
Dette førde til lokale protestar, og relanseringa av Brænne-safta skjedde etter ein Facebook-aksjon med over 3.000 følgjarar for å få ‘Brænne-safta tilbake til folket’.
Busker Larsen er sjølv lærar på Folkestad, medan Bjåstad Hovlid er rektor for vaksenopplæringa i Ulsteinvik, og dei to skulefolka fann ut at dei skulle gjere eit forsøk med å produsere Brænne-safta på nytt.
Stor suksess
I samarbeid med Roma Brusfabrikk på Lillestrøm skulle det gjerast eit forsøk på å produsere 4.000 flasker, men etter ein avtale med Coop Extra vart dette raskt auka til 24.000 flasker.Det vart ein stor suksess.
- No produserer vi 70.000 flasker i året, og safta vert seld i ei rekkje butikkar frå Naustdal i sør til Åndalsnes i nord, seier Busker Larsen.
Martin Brænne seier at safta eigentleg er ein leskedrikk. Han trur at årsaka til at så mange likar safta, og sakna ho sterkt, er at oppskrifta har drops-smak.
- Vi tok utgangspunkt i smaken på bringebær-dropsa, og blanda etter kvart inn litt andre smakar, som frå ripsbær.
Sekspakningar
Produksjonen av Brænne-safta skal halde fram, men no er planen å også få fleire av dei gamle brusmerka tilbake i produksjon, og då på Folkestad, der det heile starta.Men no skal det satsast på spesialprodukt i mindre volum.
- I starten ser vi for oss å produsere tre-fire ulike merke i sekspakningar med 33 centiliter-flasker, seier Thomas Busker Larsen.
Det har allereie vorte gjort eit forsøk med produksjon av den gamle Luks-brusa.
- Salet gjekk radigt unna, og det gav meirsmak.
Lokal kultur
I tillegg til butikksal, ser han for seg at det vil vere stor interesse for produkta ved bryllaup og andre større tilstellingar.- Dette er litt nostalgi, men det er også lokalmat og lokal kultur. Dette har vi tru på.
Martin Brænne synst planane er spennande, og ser slett ikkje vekk frå at han sjølv også kjem til å engasjere seg litt.
- Det vil vere utruleg om vi får til ny brusproduksjon på Folkestad, og endåtil kan tilsetje folk etter kvart.
- Og tenk om eg på nytt kan få drikke Prii Grapesoda!
Det vil vere utruleg om vi får til ny brusproduksjon på Folkestad, og endåtil kan tilsetje folk etter kvart
Publisert: 05.11.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43