Her kjem fyllestasjonar for biogass og hydrogen
Fire aktørar bygger ein av dei mest framtidsretta servicestasjonane i landet for tungtransporten.
Måndag var det kalla inn til lansering og presentasjon av ei nysatsing ved Digerneset Næringspark.
Fire aktørar går saman om å bygge ein energistasjon for større køyretøy med fyllestasjonar for hydrogen og biogass, i tillegg til ladestasjonar for storbilar.
I satsinga høyrer det også med vaskehall for køyretøy på opptil 25 meters lengde.
Heilt ferdig neste sommar
Prosjektet har rammeløyve og igangsettingsløyve og heile området er på sju mål.
Spaden skal settjast i jorda no i juli og første del av stasjonen skal vere klart allereie i haust. Neste sommar vil heile anlegget stå klart.
– Dette er så vidt vi veit den første av sitt slag i Norge, innleia prosjektleiar Erland Reite i Wenaas-konsernet som står for utbygginga ved Digerneset Næringspark.
– Servicetilbodet møter det grøne skiftet
Allereie er aktørar som Posten Bring, Scania og Wist Last & Buss – som alle brukar store køyretøy - på plass ved næringsparken.
– Vi er på full fart inn i det grøne skifte og vi må vere berekraftige. Transportsektoren er mellom dei stor syndarane når det gjeld utslepp, påpeika Reite.
– Vi kan seie at servicetilbodet møter det grøne skiftet, la han til.
Aktørane som er i satsinga på energistasjonen er:
- Gasum As som bygger fylleanlegg for biogass.
- Westgass Hydrogen som bygger fylleanlegg for hydrogen.
- Eviny Elektrifisering (tidlegare BKK) skal bygge hurtigladarar for storbilar.
- Storbilvasken As bygger vaskehall for bilar opptil 25 meter.
Regionalt knutepunkt
I tillegg til eit stadig større tilbod med varehandel, har Digerneset utvikla seg til eit regionalt knutepunkt for logistikk.
Reite fortel at satsinga med energistasjonen var eit ledd i arbeidet med å befeste den posisjonen.
I 2013 blei det laga til døgnkvileplass for vogntog, og eit par år seinare opna bensinstasjon på staden. No blir altså tilbodet utvida med hydrogen, biogass og ellading.
Publisert: 27.06.2022 12:24
Sist oppdatert: 27.06.2022 16:49