Her vert Ronja Ocean doeypt
DÅP: Stor stemning under dåpen, her ved Kleven-sjef Ståle Rasmussen, Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk og gudmor Lisbeth Berg-Hansen.
Nytt

Her vert Ronja Ocean døypt

Lisbeth Berg-Hansen fekk æra av å døype Sølvtrans sitt siste tilskot Ronja Ocean.

21.07.2017
Dåpen skjedde i Ålesund i dag, laurdag.
Båten er bygd ved Myklebust Verft, og er den første brønnbåten verftet i Gursken har bygd, opplyser Kleven i ei pressemelding.
Sølvtrans er eit av verdas største brønnbåtreiarlag, og Ronja Ocean vert fartøy nummer 22 i den moderne brønnbåtflåten til selskapet.
Fartøyet er av NVC 387-design frå Rolls-Royce, er nær 80 meter langt og kan med 3200 kubikkmeter brønnkapasitet frakte cirka 500 tonn levande fisk.
Ved overlevering skal båten inn på ein femårig kontrakt med Oppdretternes Miljøservice.
Myklebust Verft har enda ein brønnbåt under bygging for Sølvtrans. Denne skal leverast hausten 2017.
Langevåg skulekorps spreidde feststemning både før og etter sjølve dåpsseremonien.

- Glade og takknemlege

Lisbeth Berg-Hansen, tidlegare kyst- og fiskeriminister og no Stortingsrepresentant, var gudmor for fartøyet, og knuste champagneflaska forskriftsmessig mot skutesida til stor jubel frå dei inviterte gjestane og andre frammøtte på Skansekai.
- Vi er glade og takknemlege for at Sølvtrans plasserte byggekontraktene for desse to fartøya hos oss, sa Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven, då han ønska alle dei frammøte på kaia velkommen.
- Å bygge båt er samarbeid, og eg vil rette ei stor takk til vår prosjektorganisasjon med prosjektleiar Tor Inge Nordmo i spissen.
Rasmussen takka også viktige leverandørar til prosjektet, som Rolls-Royce, Hareid Group og MMC.

Publisert: 21.07.2017 12:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06