Tysdag ble det femte av seks skip som North Star har under bygging hos Vard, døypt ved Vard Langsten. I tillegg har dei eit systerskip under bygging ved verftet.
Tidlegare har det britiske reiarlaget fått levert fire sokalla SOV-ar – skip som kan fungere som ein base til havs for personell som skal jobbe ved vindparkar til havs. Dei har óg fått levert design og utstyr frå Vard til to vindskip under bygging i India.
Det gjer at reiarlaget er mellom dei største kundane til Vard dei siste åra.

Vil bygge ein rekke nye båtar
Samtidig kan det ligge an til fleire Vard-oppdrag for det britiske selskapet framover.
– Vår strategi er å ha 40 SOV-ar innan 2040, så det er ei ganske ambisiøs satsing, fortel administrerande direktør Gitte Gard Talmo i North Star til Nett No.
Ho kan naturleg nok ikkje forskottere komande kontraktar, men påpeiker at dei er svært nøgd med jobben Vard har gjort – og at det absolutt er aktuelt å kome tilbake.
Selskapet som er eigd av Sveits-baserte Partners Group er i dag mellom dei største offshorereiarlaga i Storbritannia, med fleire enn 40 skip i flåten. Dei har også ei historie som strekk seg nær 140 år tilbake.

Satsar på lange kontraktar
Framover har North Star som mål å bli det leiande reiarlaget på vindkraftmarknaden i Europa.
– Vi har ein langsiktig strategi og bygger for å sikre oss lange kontraktar, legg ho til.
For augneblinken er det «bra trykk» i marknaden for vindskip, og dei fleste av fartøya er i arbeid.
Alle dei fire SOV-ane til North Start er gått inn i tiårskontraktar. Det same skal truleg både det nydøypte Grampian Kestrel og systerskipet Grampian Eagle etter kvart.
– Vi byggjer i utgangspunktet ikkje for spekulasjon, og vil ha ein god balanse mellom etterspurnad og tilgang på skip, seier Talmo.

Trur marknaden i Europa vil halde seg sterk
Den norske kvinna har tidlegare leia Eidesvik Offshore, og starta i jobben som North Star-sjef mot slutten av fjoråret.
Hennar vurdering er at den europeiske marknaden vil halde fram med høg aktivitet dei komande åra – uavhengig av globale svingingar. Årsaka er at det framleis vil vere etterspurnad etter fornybar energi.
Samtidig har amerikanske styresmakter kansellert fleire vindkraftprosjekt etter at president Trump kom til makta.
– Vi trur marknaden i Europa vil halde fram, medan vi kanskje vil sjå reduksjonar i andre deler av verda, er Talmo sin kommentar.
Eg er ganske sikker på at vi skal greie å kapre mange av dei skipa som vil kome framover
Opplever framleis stor etterspurnad etter skip
Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti kryssar naturleg fingrane for at verftskonsernet vil sikre nye oppdrag for den britiske storkunden.
– Eg trur både fasilitetane vi har, og erfaringane vi har med å levere fartøy til både North Star og andre, vil vere viktige i den samanheng. Eg er ganske sikker på at vi skal greie å kapre mange av dei skipa som vil kome framover, seier ho til Nett No.
Marti fortel at konsernet framleis opplever god etterspurnad etter nye fartøy til vindkraftindustrien.
– Eg har venta ei stund på at det skulle roe seg, men det er framleis bra trykk – og ser ut til å bli det framover også, seier ho.
At det ser ut til å bli færre prosjekt enn venta i USA, ser ho ikkje som noko stor fare – og påpeiker at det til no ikkje har vore ei sentral marknad for skipa dei har bygd til vindkraftindustrien.
Publisert: 06.05.2025 16:05
Sist oppdatert: 07.05.2025 17:51






