Oystein Vartdal Riise foto J Udicia
VEKST: Dagleg leiar og medeigar Øystein Vartdal Riise i Advokatfirmaet Judicia har tilsett to nye advokatar i år. Når begge er på plass har selskapet 14 advokatar/advokatfullmektigar. Foto: Advokatfirmaet Judicia.
Nytt

Inntektsrekord for Judicia-advokatane

Passerte 40 millionar kroner i inntekt i fjor.

06.05.2025

Advokatfirmaet Judicia i Ålesund gjekk forbi Adviso Advokatfirma og har gjenerobra plassen som det neste største advokatselskapet i Møre og Romsdal målet etter inntekt, etter ny inntektsrekord i fjor (sjå tabell under).

Selskapet har 17 tilsette, av dei 13 advokatar eller advokatfullmektigar, og driv både med forretningsrett og strafferett. Advokat nummer 13 byrja 1. april og advokat nummer 14 byrjar i september, fortel dagleg leiar og medeigar Øystein Vartdal Riise i eit tekstmelding til Nett No.

Selskapet har styrka seg inn mot transaksjonsmarknaden, der advokatane mellom annan hjelper kundane med avtalar ved kjøp, sal og samanslåing av bedrifter. Judicia ventar vidare veks, skriv han.

2023-inntektene til selskapet gav Judicia ein 71. plass på Kapital si årlege rangering av dei 100 største advokatane i Noreg i fjor. Den kåringa baserte seg på 2023-rekneskapa til advokatbranjen. 

12,3 millionar
Selskapet har seks eigarar som eig ein sjettepart kvar; dagleg leiar Øystein Vartdal Riise, Reidar Andresen, Håkon Rasmussen, Trons Svinø, Thomas Albertsen og Anders Svinø. 

Selskapet er organisert som selskap med delt ansvar (DA) og dei seks eigarane tok ut tilsaman 12,3 millionar kroner i arbeidsgodtgjersle i fjor.

Vekstbransje
Advokatbransjen er ein vekstbransje, også på Nordvestlandet.

I Møre og Romsdal var det 148 advokatar i 2014 og 175 i 2023, ifølgje Tilsynsrådet for advokatvirksomhet. Det er ein vekst på 18 prosent. Dei aller fleste held til i byane Ålesund, Molde og Kristiansund. 

Advokatfirmaet Judicia DA  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt41,636,8
Driftsresultat12,59,7
Resultat før skatt12,69,8

Publisert: 06.05.2025 11:35

Sist oppdatert: 06.05.2025 11:35

Mer om