Eco cargo solution hessa skole foto marius 11
TIL USA: Elevane saman med lærar Kristine Rogne (nr. 2 f. h.) fortalde korleis dei hadde jobba med innovasjonsprosjektet frå scena under NHO Møre og Romsdal sin årskonferanse. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hessa-elevar klare for USA-tur

Har samla inn pengar frå bedrifter for å representere Norge i verdsfinale i innovasjonskonkurranse.

Marius Rosbach
07.06.2022

Klasse 7A ved Hessa skole står framfor ei oppleving for livet når dei om 11 dagar deltek på verdsfinala i Global Innovation Award.

Rett før påske kom beskjeden om at laget frå Ålesund-skulen hadde gått heilt til topps mellom fleire enn 850 lag frå Skandinavia.

Dermed skal dei konkurrere med 19 andre lag frå heile verda i kunnskap- og teknologikonkurransen som er ei del av First Lego League-konseptet.

Samla inn pengar
For å samle pengar til reisa, har elevane mellom anna presentert seg for ulike bedrifter, som har spytta inn ein sum pengar. Dei har også fått større bidrag frå mellom anna Sparebanken Møre.

- No har vi samla inn ein halv million kroner, så no er vi klare for tur, fortel lærar Kristine Rogne til NETT NO.

Under NHO Møre og Romsdal sin årskonferanse fekk dei eit nytt bdrag til reisekassa. Arrangørane hadde i staden for gåver til foredragsholdarane, bestemt seg for å gi eit bidrag til elevanes si reise.

Skal hindre avrenning frå fisketransport
Frå scena under årskonferanse presenterte elevane prosjektet dei har jobba med.

Dei kallar seg Eco Cargo Solution og ideen kom etter at læraren viste dei ein avisartikkel om problemet med avrenning frå fisketransport.

Saman har dei jobba fram ei løysing som skal hindre slik avrenning. Den skal dei presentere under finalen som går av stabelen i St. Louis 21. juni.

Publisert: 07.06.2022 14:54

Sist oppdatert: 07.06.2022 14:55

Mer om