Øystein Olsen
MOLDE: Sentralbanksjef Øystein Olsen er optimist for norsk økonomi, sjølv om aukande smittetal skaper litt uro. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- For mange unge står utanfor arbeidslivet

Sentralbanksjef Øystein Olsen vil ha fleire i arbeid, og trur det vert vanskelegare å rekruttere utanlandsk arbeidskraft.

17.11.2021

- Vi merkar mangel på arbeidskraft i fleire bransjar. Samstundes ser at vi at for mange unge står utanfor arbeidslivet, seier Olsen til NETT NO.

Sentralbanksjefen deltar på Romsdalskonferansen i Molde onsdag, der han tar for seg utsiktene for norsk økonomi.

Sjølv vil Øystein Olsen gå av når han fyller 70 år neste år. Då har han vore sentralbanksjef i elleve år.

Han seier at det fint at også fleire eldre står lenger i arbeidslivet enn i dag, men meiner at den største utfordringa er å leggje til rette for at fleire unge kjem i arbeid.

- Dette bekymrar.

Færre svenskar og polakkar
Siste åra har det vore stor arbeidsinnvandring til Norge. På Nordvestlandet har det spesielt vore mange polakkar i verftsindustrien, i tillegg til lithauarar i fiskeindustrien.

Øystein Olsen trur ikkje det vert like attraktivt for utlendingar å arbeide i Norge framover.

- Spesielt trur eg det vert vanskelegare å rekruttere svenskar og polakkar.

Han er likevel optimist med tanke på utviklinga for norsk næringsliv.

- Eg har stor tillit til omstillingsevnen til norsk næringsliv. Og vi ser at omstillinga inn mot det grøne er på gang, blant anna med store satsingar innan hydrogen og batteri.

- Vi forventar ein vekst i fastlands-Norge på 4-5 prosent dei næraste åra.

- Varer ikkje til evig tid
Samstundes viser han til at oljefondet er nær ved å nå toppen, og at statens oljeinntekter etter kvart vil falle mot null.

- V har ei stor formue, men vi kan ikkje leve på den formuen til evig tid.

- Denne finansformuen er også knytt til svingningar i verdipapirmarknaden, og vi må forvente eit tap på cirka 1000 milliardar kvart sjette år. Det skaper utfordringar, ikkje minst for budsjetteringa til politikarane.

(saka held fram under)

Øystein olsen kolbjørn heggdal foto kjetil 222
ROMSDALSKONFERANSEN: Rundt 250 deltakarar på årets Romsdalskonferanse. Her sentralbanksjef Øystein Olsen saman med banksjef Kolbjørn Heggdal i Sparebanken Møre. Foto: Kjetil Haanes

- Godt teikn at renta går opp
Då Øystein Olsen starta som sentralbanksjef i 2011 var styringsrenta på 2,0 prosent.

I fjor var han den første sentralbanksjefen i historia som sette styringsrenta til 0.

I september auka Norges Bank styringsrenta til 0,25 prosent, og det er venta endå ein auke på 0,25 prosent i desember.

Under Romsdalskonferansen sa Olsen at han forventa at styringsrenta gradvis vil nærme seg 1,5 prosent, som han karakteriserte som eit normalt nivå.

- At renta går opp er eit godt teikn. Det betyr at det går godt i økonomien.

Har opplevd 13-14 prosent rente
Til NETT NO seier Olsen at nye bustadkjøparar må kunne takle rentenivå på rundt 5 prosent.

- Ja, det er det bankane legg til grunn, sjølv om bustadlånsrenta etter kvart vil liggje på rundt 3,0 prosent.

Sjølv har han opplevd å ha bustadlånsrente på rundt 13-14 prosent. Han trur ikkje at ein kjem tilbake til slike rentenivå.

- Eg seier ikkje at det er umuleg, men det er lite sannsynleg, mykje fordi vi har mekanismer som regulerer inflasjonen.

At renta går opp er eit godt teikn. Det betyr at det går godt i økonomien
Øystein OIsen

Mangel på komponentar
Øystein Olsen viser likevel til at det er teikn til litt høgare inflasjon internasjonalt, blant anna som følgje av auka råvareprisar.

- Noko som skaper uro er lange leveringstider i industrien. Det manglar magnesium, databrikker og mange andre viktige komponentar.

- Ein god del av produksjonen skjer i Asia, spesielt i Kina. Men vi trur dette er etterverknader av pandemien, og ikkje eit varig problem.

Uroleg for aukande smittetal
Etter at den norske og internasjonale økonomien kom seg rekordraskt etter pandemien, skaper dei siste smittetala litt uro.

- Vi har i dag rekordhøgt smittenivå, og Norge ligg no på eit nivå som er høgare enn snittet i Europa.

- Store land som Frankrike, Spania, og Italia har lavare smittetal og sjukehusinnleggingar enn Norge.

Olsen trur likevel ikkje at denne smitteauken vil ha same utslag for økonomien som for 1,5 år sidan.

- Vi trur ikkje det vert omfattande nedstengingar slik som vi såg då, men usikkerheita er der.

Publisert: 17.11.2021 11:51

Sist oppdatert: 18.11.2021 16:48

Mer om