NTB b Cfso KD4b UU
SEMJE MELLOM REGJERINGA OG SV OM LØNSSTØTTEORDNINGA: Sigbjørn Gjelsvik (Sp), Kari Elisabeth Kaski (SV) og Eigil Knutsen (Ap), her under budsjettforhandlingane på Stortinget tidlegare i år. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Hevar taket for lønnsstøtte

Aukar frå 30.000 til 40.000 kroner i månaden.

20.12.2021

NPK-NTB-Andreas Løf, Marius Helge Larsen og Johan Falnes: Regjeringspartia og SV er samde om ei lønnsstøtteordning der maksbeløpet blir auka til 40.000 kroner i månaden per tilsett.

I det opphavlege forslaget var maksbeløpet sett til 30.000 kroner, noko finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) hausta strid om då han hevda grunnen var avgrensingar i EØS-regelverket.

Eftas overvakingsorgan Esa har sidan tilbakevist at det fanst noka slik avgrensing utover at støtta ikkje kan overskride maksimalt 80 prosent av bruttolønna til den tilsette. Denne avgrensinga er framleis med i forslaget regjeringspartia og SV er samde om.

I tillegg til at makstaket blir heva, blir også minimumsbeløpet per tilsett ved omsetningsfall på 20 prosent heva frå 3.000 kroner til 4.000 kroner.

SV: – Intensive dagar
Regjeringspartia la fram forslaget sitt fredag og har sidan forhandla med SV for å sikre fleirtal for ordninga.

– Det har vore nokre intensive dagar. SV har jobba med utgangspunkt i at vi raskast mogleg vil semjast for å skape tryggleik for både bedrifter og arbeidsfolk om at ein lønnsstøtteordning kjem på plass, seier finanspolitisk talsperson for SV Kari Elisabeth Kaski til NTB.

Ho meiner endringane som SV har fått inn, inneber at ordninga treffer fleire bedrifter i ulike bransjar betre.

– Det viktigaste for SV er at flest mogleg beheld jobben. Derfor har vi fått heva beløpa bedriftene får per tilsett, både ved høg og låg omsetningssvikt. Dette gjer det meir sannsynleg at bedriftene i fleire bransjar bruker denne ordninga for å halde dei tilsette i arbeid, seier ho.

– Lytta til partane
Ap, Sp og SV gir også bedriftene forlengd frist til å ta tilbake permitterte tilsette, slik at dei heller kan gå over til lønnsstøtteordninga. Fristen blir endra frå 21. til 23. desember.

– Det er viktig for Arbeidarpartiet at vi har lytta til partane i arbeidslivet og komme fram til ei ordning som gjer at mange tilsette kan vere i jobb i staden for å bli permitterte. Vi ser at fleire bedrifter allereie har byrja å trekkje permisjonsvarsel – det gler oss, seier Eigil Knutsen, finanspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, i ei pressemelding.

Ordninga vil gjelde med tilbakeverkande kraft frå 1. desember.

– Senterpartiet er godt fornøgde med å lande eit fleirtal for ei forsterka lønnsstøtte, som sikrar føreseielegheit for arbeidsfolk og bedrifter som endå ein gong er hardt ramma, seier Sigbjørn Gjelsvik, finanspolitisk talsperson for Senterpartiet.

Partia er samde om at 500 millionar av dei varsla 1.000 millionane til ei kommunal kompensasjonsordning skal med i nysalderinga for 2021.

Gjer greie for Stortinget
Det har dei siste dagane vore mykje diskusjon rundt nokre utsegner finansminister Trygve Slagsvold Vedum kom med då han la fram regjeringsforslaget om ordninga.

Måndag ettermiddag kjem han til Stortinget for å gjere greie for dette.

Vedum sa fredag at EU-reglane stod i vegen for at regjeringa kunne gi kriseramma bedrifter meir i lønnsstøtte.

Regjeringa sette då ei grense på maksimalt 80 prosent av lønna i støtte, noko som også er eit krav frå EUs side. Men i tillegg sette regjeringa eit makstak for støtta på 30.000 kroner, noko EØS-tilsynet Esa søndag avviste at EU-regelverket krev.

No er dette makstaket altså heva til 40.000 kroner etter forhandlingar med SV.

Publisert: 20.12.2021 17:40

Sist oppdatert: 20.12.2021 17:43