Kristoffer Larsen Rognvik Bjørn åge Hamre Jan Vablum tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKJER: Advokatane Kristoffer Larsen Rognvik (t.v.) og Jan Vablum (t.h.) saman med bustyrar Bjørn Åge Hamre, som har teke ut søksmål mot den tidlegare verftseigaren. Foto Marius Rosbach
Nytt

Hevder Debeljak forsøkte tømme kassa på Kleven

Skal ha trua økonomiansvarleg ved verftet om det ikkje blei overført store beløp til ein konto i Kroatia.

Marius Rosbach
08.11.2023

Under den første dagen av søksmålet mot tidlegare Kleven-eigar Tomislav Debeljak kom det fram at kroaten skal ha kome med truslar og forsøkt å tømme kontantbehaldninga i verftet.

Den høgst spesielle situasjonen skal ha skjedd i etterkant av eit møte med bankane – som enda med at dei sa opp sine avtaler.

Under innleiingsforedraget til saksøkjarane sin advokat, Jan Vablum, gjekk han grundig gjennom historia slik dei ser den. Det heile kuliminerte med det omtalte møte med bankane 23. juni 2020.

NETT NO har tidlegare omtala at buet meiner Debeljak i løpet av møtet reiv ned all tillit.

Kleven hadde betydeleg med kontantar
I utgreiinga frå advokaten kom det fram at Kleven hadde betydeleg kontantar i selskapet.

– Bankane frykta etter kvart at Debeljak ville stikke av med pengane, sa Vablum.

Advokaten viste fleire gonger til at verftseigaren hadde ei dobbeltrolle som eigar og sjef i kroatiske Div Group. Samtidig har Vablum stilt spørsmål ved kvifor Debeljak fleire gonger handla i strid med Kleven-verftet sine interesser.

På direkte spørsmål frå saksøkte sine advokatar, svara saksøkjarane at dei likevel ikkje hadde dokumentasjon som viste at kroaten bevisst køyrde verftet konkurs.

If you do this, you are protected, but if you don’t, you are not protected
Beskjed til økonomiansvarleg ved Kleven Verft

Skal ha blitt trua av Debeljak
Ifølgje framstillinga til konkursbuet, viste frykta seg å ha rot i verkelegheita.

Rett etter møtet skal økonomiansvarleg i Kleven Verft ha blitt oppringt og kopla inn i ein gruppesamtale der mellom anna Debeljak deltok.

I samtalen skal han ha fått instruks om å overføre 61 millionar kroner frå ein av Kleven sine kontoar, til ein konto i Kroatia. Vedkomande skal ha fått beskjed om at det heile var konfidensielt, og at han ikkje skulle snakke med nokon om saka.

Instruksen skal ha blitt følgd opp med følgjande beskjed: «If you do this, you are protected, but if you don’t, you are not protected».

Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKT: Tomislav Debeljak i tingretten onsdag. Den tidlegare verftseigaren har avvist alle skuldingar mot seg, men ikkje kommentert påstandane om trugslar. Foto: Marius Rosbach

Tok kontakt med tidlegare verftsdirektør
Økonomiansvarleg tok etter samtalen kontakt med tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad, som igjen tok kontakt med ein sentral advokat i saka.

Advokaten gjorde eit notat som blei sendt mellom anna til Sparebanken Midt-Norge ved 01-tida den påfølgjande natta, som advokat Vablum viste til i sitt innleiingsføredrag.

I notatet kjem det fram at den økonomiansvarlege ved verftet var bekymra for sin eigen situasjon etter samtalen. I ettertid blei vedkomande også sjukemeldt.

Overføringa blei ikkje gjort
Etter samtalen fekk økonomiansvarleg ein e-post der same instruks blei gjenteke – og som samtidig viste til ein kontrakt om at Div Group skulle gjere ferdig skipet som låg ved verftet.

Det høyrer med til historia at økonomiansvarleg gav beskjed til Debeljak om at to personar måtte signere ei slik overføring. Samtidig sende han melding til den andre personen om å skru av sin telefon, slik at det ikkje var mogleg å få kontakt med ham.

– Forsøket på å tømme kassa var misslukka fordi økonomiansvarleg ikkje medverka til dette, konkluderte Vablum i sitt innleiingsføredrag.

Har avvist alle skuldingar
Tomislav Debeljak har ikkje kommentert trusselsituasjonen konkret, og vil ikkje uttale seg til pressa før rettssaka er over.

I sluttinnlegget frå advokatane hans, blir alle skuldingane i søksmålet avvist.

Torsdag skal dei saksøkte sine advokatar halde sitt innleiingsføredrag. Fredag skal Debeljak sjølv forklare seg.

Publisert: 08.11.2023 15:29

Sist oppdatert: 08.11.2023 20:17

Mer om