Hexagon berga boersaaret i nordvest
BØRSEN: Ti selskap på Nordvestlandet er registrerte for omsetning på Oslo Børs. Sju av dei ti auka verdien i 2013, og samla børsverdi er 18,5 milliardar kroner.
Nytt

Hexagon berga børsåret i nordvest

Dei ti børsnoterte selskapa på Nordvestlandet auka børsverdien i løpet av 2013 med 4,7 milliardar kroner. Hexagon Composites stod åleine for 3,7 milliardar kroner av denne auken.

31.12.2013
På siste handledag på Oslo Børs i 2012 stod kursen i Hexagon Composites på 4,47 kroner, og selskapet var verdsett til 595 millionar kroner. På siste handledag i år vart Hexagon-aksjen omsett til 32,30 kroner, noko som prisar selskapet til 4,3 milliardar kroner, og gjer selskapet til ein av dei desiderte børsvinnarane i Norge i 2013.
Selskapet, med hovedkontor i Ålesund, har dermed plassert seg som det nest største børsnoterte selskapet på Nordvestlandet. Berre offshoreselskapet Farstad Shipping vert prisa høgare, og var ved årsslutt prisa til 5,2 milliardar kroner.
Om ein aksjonær satsa 100.000 kroner i Hexagon for eitt år sidan, ville ein no hatt aksjar for 722.000 kroner. Auken er dermed formidabel, og vert i hovedsak forklart med gjennomslag i Nord-Amerika for selskapet sine høgtrykkstankar i kompositt. , ettersom han har auka aksjeformuen sin i Hexagon med rundt 1,4 milliardar kroner.
NETT NO har sett på utviklinga i 2013 for alle dei ti børsnoterte selskapa på Nordvestlandet. Hexagon peikar seg klart ut, men sju av dei ti selskapa auka børsverdien, medan tre fekk verdien redusert.

Svekka Ekornes

Dårlegast utvikling hadde møbelprodusenten Ekornes, som fekk børsverdien redusert frå 3,4 milliardar kroner til 3,0 milliardar. Men her forventar selskapet vekst i 2014 etter AT at selskapet har
Farstad Shipping er det største selskapet i nordvest i børsverdi, og aksjekursen heldt seg relativt stabilt gjennom året med svinginingar frå 118 kroner til 145 kroner per aksje. Sluttkursen enda på 133 kroner, mot 134,50 for eitt år sidan, slik at børsverdien til slutt vart redusert frå 5,2 milliardar til 5,1 milliardar kroner.
Nedgang var det også for Domstein-konsernet som det ikkje er mykje att av etter fleire år med svake resultat og sal av verksemd, der . Domstein vert no prisa til 62 millionar koner, elleve millionar kroner lågare enn ved siste handledag i fjor.

Havfisk-hopp

Mellom børsvinnarane peikar også Havfisk seg ut. Det Ålesund-baserte fiskeriselsakapet dobla verdien i 2013, frå 497 millionar kroner til 998 millionar. Prisinga på dette selskapet har elles variert mykje gjennom året, der aksjekursen har svinga frå 5,01 kroner til 13,00 kroner, men slutta 30. desember i år på 11,80 kroner.
Verdien auka også for dei to Herøy-selskapa Rem Offshore og Havila Shipping, men til liks med dei fleste offshoreselskapa vert selskapa handla langt under bokført verdi. I Rem Offshore er det i tillegg få aksjar tilgjengelege ettersom hovedaksjonær Åge Remøy kontrollerer godt over 80 % av aksjane, og bror Stig Remøy nærmar seg 10 %. Men handelen i Rem Offshore tok seg kraftig opp på slutten av året. Kursen slutta på 60 kroner aksjen, noko som prisar selskapet til 1,2 milliardar kroner, men siste handeldag vart ein post omsett til 69,50 kroner, noko som er ny toppnotering for året.
Aksjekursen i Havila Shipping slutta på 32,50 kroner, noko som prisar selskapet til 980 millionar kroner, opp frå 727 millionar ved starten på året.

Hofseth lovar pluss

Ein pen auke vart det også for Hofseth Biocare, eit selskap som mellom anna produserer kosttilskot og lakseoljekapslar. Kursen steig på slutten av året, og verdien auka frå 269 millionar kroner til 379 millionar. Etter fleire år med store tap, .
Brønnbåtselskapet Sølvtrans har slite med å få fart på aksjekursen, men selskapet fekk eit hopp i løpet av 2013, der verdien auka frå 307 millionar til 428 millionar kroner i takt med den aukande interessa rundt brønnbåtnæringa i kjølvatnet av høg laksepris og nye krav til brønnbåtmarknaden.
Også aksjonærane i Sparebanken Møre kunne glede seg over eit bra år, der selskapet vart prisa til 1,9 milliardar kroner 30. desember i år, ein auke på nesten 400 millionar koner frå året før.

Publisert: 31.12.2013 12:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30