Hexagon haapar paa A Alesund etablering
KONSOLIDERE: Etter oppkjøp og etablering av samarbeidsselskap er det tid for konsolidiering, seier Hexagon-sjef Jon Erik Engeset.
Nytt

Hexagon håpar på Ålesund-etablering

Får Hexagon dreis på hydrogen-satsinga kan selskapet etablere ny utviklings- og serviceavdeling i Ålesund.

04.02.2017
Fiskerstrand Verft har allereie fått si første kontrakt på ei ferje som skal gå på hydrogen, og innan skipsfart trur Hexagon-sjef Jon Erik Engeset det vil opne seg ein marknad for hydrogendrivne skip.
- Då håpar vi å utvikle eit fagmiljø her i området også, seier Engeset.
Det er det maritime miljøet og den maritime kompetansen på Nordvestlandet som gjer at Hexagon vurderer lokalisering i Ålesund for ei ny avdeling.

Styrt frå Ålesund

I dag er det berre hovudkontoret, med ni tilsette, Hexagon Composites har på Sunnmøre.
Resten av verksemda er spreidd til fabrikkar i Raufoss, Tyskland og USA. I USA foregår produksjonen av drivstofftankar for større lastebilar som går på gass. Der blir det og laga store, mobile gasstankar til bruk i område der det ikkje er ført fram gassleidningar.
Etter oppkjøp i fjor har Hexagon Composites fabrikk i Tyskland. Selskapet har og eit anlegg i Brasil gjennom 50 prosent eigde Agility Fuel Solutions, medan produksjonen i Noreg foregår på Raufoss. I alt er det snakk om eit konsern med rundt 750 tilsette.
Største einskildaksjonæren er det japanske industrikonsernet Mitsui, med Flakk-familien i Ålesund som nummer to.

Konsolidering

Etter ei rekkje større transaksjonar i 2016 er det tid for konsolidering. Engeset avviser ikkje nye oppkjøp eller alliansar framover, men planen no er først og fremst å kna saman alle bedriftene til eitt fellesskap.
Engeset har vore gjennom slike prosessar før, sist som sjef i Saferoad-konsernet, som kjøpte bedrifter i veg- og tunnellsikringsbransjen over heile Europa.
- Når du gjer oppkjøp så blir integrasjonsprosessen veldig viktig. Ingen av dei som blir kjøpt må føle seg overkøyrd. Eg trur nok mi vektlegging av den menneskelege dimensjonen ved intergrasjonsprosessar har auka i takt med erfaringar eg har gjort meg, seier Engeset.
Hexagon Composites er, til skilnad frå store konsern, ein for liten organisasjon til å kunne erstatte heile leiinga i bedrifter som blir kjøpt med eigne folk.
- Vi er nøydde til å få dei som er der til å trivast og virke, seier Engeset.

Til vers med oljeboomen

Drivstofftankar i kompositt for gassdrivne lastebilar og store mobile gasstankar til bruk i område der det ikkje er lagt fram gassleidningar er blant dei viktigaste produkta for Hexagon Composites, med tyngda av kundane i USA.
Så lenge oljeprisen låg over 100 dollar fatet såg det lysande ut for begge produkta. Amerikanske lastebileigarar la om frå diesel til gass i flokk og følgje, og veksten i utvinning av skiferolje auka etterspørselen etter gass - frå Hexagontankar - som energikjelde.
Den effekten var med på å løfte aksjekursen i Hexagon frå under fire kroner aksjen i slutten av 2012 til nesten 40 kroner aksjen sommaren 2014.
Deretter gjekk det nedover i takt med oljeprisen fram til under 13 kroner aksjen i september 2016, før kursutviklinga på ny snudde oppover igjen og i går enda på 27,80 kroner aksjen.
Det verdset Hexagon Composites til 4,6 milliardar kroner, det mest verdifulle av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.

Størst potensiale

Kursoppgangen kan forklarast med kostnadskutt, nye medeigarar, oppkjøp og alliansar - saman med teikn på ny vekst.
Propanbehaldarane som nordmenn kjenner frå gassgrillen sommarstid, er i andre land eit aktuelt alternativ til vanleg hushaldningsbruk. Dette segmentet har hatt sterk vekst dei siste åra, og til saman er det eksportert til 66 land.

Engeset trur det ligg eit betydeleg vekstpotensiale for hydrogen-teknologi. El-motorer forsynt med straum frå hydrogen gjennom brenselceller gir inga forureining – einaste utslepp er reint vatn.
Storaksjonæren Mitsui satsar på hydrogen. Saman med karbonfiberprodusenten Toray og Mitsui planlegg Hexagon Composites ein hydrogentankfabrikk for personbilar i Japan.
Avgjerda om bygging blir tatt i første halvår i år.
Han vil ikkje talfeste nøyaktig kor mykje det er snakk om, men viser til at Hexagon Composites har investert 25 millionar dollar i oppgradering av produksjonen i USA.
- Denne investeringa er betydleg større, seier han.

Store transaksjonar

2016 var prega av fleire store transaksjonar og avtalar for Hexagon Composites:
* Det japanske industrikonsernet Mitsui gjekk inn med 666 millionar kroner i ny eigenkapital i starten av 2016.

- Det gir oss ei geografisk rekkevidde som er temmeleg unik for eit selskap med vår begrensa storleik. Vi er svært godt fornøgd med korleis det samarbeidet har fungert så langt, seier Engeset.
Mitsuis inntog gjorde selskapet gjeldfritt, og trass i eit seinare oppkjøp er Hexagon Composites framleis eit solid selskap som raskt kan ta opp nye lån.
* Gasstankproduksjonen for lastebilar i USA blei skilt ut og slått saman med samarbeidspartnaren og systemleverandøren Agility System i eit felleseigd selskap, der Hexagon Composites er største aksjonær med 50 prosent av aksjane. Det fusjonerte selskapet har ein fullintegrert verdikjede for komplette drifstoffsystem.

- Vi trur det var eit veldig rett strategisk grep, å gå frå produktleverandør til systemleverandør, seier Engeset.
* Den tyske konkurrenten Xperion Energy & Environment blei kjøpt i oktober.

- Xperion har vore den største konkurrenten vår, seier Engeset.
* Den siste hendinga kom i januar i år, ein intensjonavtale med eitt norsk og eitt svenske selskap om å skipe eit felles selskap retta mot produksjon, transport og bruk av hydrogen som energikjelde.

Industrielt perspektiv

Det er ein lang veg frå det som er utgangspunktet for dagens Hexagon Composites, tekstilproduksjonen hos Devoldfabrikken i Langevåg. Flakk-familien tok over Devoldfabrikken i 1989, og anlegget er i dag eit handle- og kultursenter.
Med kunnskap om strikking av ullplagg blei det i Devoldfabrikken testa og utvikla strikkemetodar for glassfibermatter. Produksjonen i Noreg blei bestemt lagt ned i 2012, men det var ut frå denne verksemda Hexagon Composites - satsinga starta.
Engeset understrekar at Hexagon Composites framleis er eit industrielt selskap.
- Som morselskap jobbar vi veldig målretta for å bygge industrielle miljø. Heile vår tilnærming til dette er å bringe forskings- og utviklingsmiljøa våre saman og få ut skalafordelar i fabrikkane våre, seier Engeset.
Men det operative jobben blir i stor grad styrt lokalt.
- Vi er nokså desentraliserte. Den filosofien skal vi vidareføre.
Då håpar vi å utvikle eit fagmiljø her i området også

Publisert: 04.02.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05