Stig remoy foto marius
NOK AKER-KRANGLAR: Herøy-reiar Stig Remøy meiner han har nok kranglar med Aker. Difor vart han ikkje med på Solstad-søksmålet som no går i Oslo tingrett. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner Solstad like gjerne kunne vore «køyrt i veggen»

Stig Remøy meiner aksjonærane hadde fått meir for sal av skip. Og Herøy-reiaren ville kjøpe.

Marius Rosbach
19.11.2025

Onsdag forklara Herøy-reiar Stig Remøy seg i Oslo tingrett i søksmålet om Solstad-reiarlaget. 

Då kom det fram at eigaren av Olympic-reiarlaget var svært interesserte i å kjøpe skip frå Solstad då reiarlaget stod i prosessen med refinansiering. 

– Vi hadde fem-seks-sju skip som vi vurderte å gi bod på, sa Remøy.

Alt om Solstad-søksmålet

La inn bod på Solstad-skip
Då Aker-bodet kom på bordet i oktober 2023 tenkte reiaren først at «der gjekk den moglegheita» til å kjøpe skip. 

Seinare la han likevel inn eit bod på tre milliardar kroner på fire konstruksjonsskip saman med broren Åge Remøy. 

Bodet blei omtalt i media – og blankt avvist frå Solstad-sjef Lars Peder Solstad. 

I retten blei Remøy utfordra på om dei koordinerte bodet med Kistefos. Det avviste Herøy-reiaren.

Meiner aksjonærane ville fått meir ved sal
Verdivurderinga av Solstad-reiarlaget står sentralt i saka.

Verdien blei i avtalen med Aker sett til 1,5 milliardar, medan Kistefos meiner den reelle verdien på skipa var mellom 7,7 og 10,1 milliardar kroner. 

I retten fortalde Stig Remøy at han er samd med Kistefos sine vurderingar. 

– Det var ikkje vanskeleg å vere samd med Kistefos (…) Aksjonærane ville fått ut meir verdiar ved å køyre selskapet i veggen og la det gå konkurs. Både vi og andre ville kjøpe båtar, sa Remøy. 

Ville ikkje ha meir krangel med Aker
Stig Remøy blei ikkje med på søksmålet frå Kistefos, men selde kravet. Det forklara han slik i retten: 

– Vi har vore i så mange kranglar med Aker, at vi ville ikkje ha noko meir, sa han. 

Herøyværingen har fleire gonger tidlegare vore i strid med Aker og Kjell Inge Røkke. 

For augneblinken har dei gåande ein konflikt om eit krillskip som Remøy-selskapet Rimfrost opphavleg bestilte – men som Aker Qrill Company sikra seg tidlegare i år. 

Dette er Solstad-striden:

  • I oktober 2023 melde kriseramma Solstad Offshore at det hadde blitt einige med kreditorane om ein refinansieringsavtale for å redde selskapet, i samarbeid med majoritetseigar Aker Capital.
     
  • Røkke-eigde Aker gjekk inn 2,25 milliardar kroner, samstundes som ein stor del av flåten vart overført tili eit nytt dotterselskap, Solstad Maritime, der Aker Capital vart majoritetseigar.
     
  • Minoritetsaksjonærane fekk berre begrensa tilgang til å delta i aksjesalget i det nye selskapet. 
     
  • Christen Sveaas sitt selskap Kistefos som var nest største eigar i Solstad Offshore, meiner Aker fekk overta båtane på billegsal medan småeigarane vart utvatna. 
     
  • Sveaas-selskapet Kistefos har tatt ut erstatningssøksmål mot Aker Capital, Solstad-styret og meklarhuset Pareto. Saka startar i Oslo tingrett 7. oktober. 
     
  • Solstad var i 2017 Norges største reiarlag med 154 skip, då det fusjonerte med Deep Sea Supply og Farstad Shipping.

Publisert: 19.11.2025 15:17

Sist oppdatert: 19.11.2025 15:17

Mer om