Knut Flakk Energu Observer foto Ogne
STOR AKSJONÆR: Knut Flakk (biletet) og familien er nest største eigar i Hexagon Composites, som eig 73 prosent av Hexagon Purus. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hexagon Purus-emisjon

Skal hente 600 millionar.

15.02.2022

Målet er at kapitalutvidinga skal vere fullteikna før klokka 08:00 i morgon, onsdag 16. februar.

Hexagon Composites, med Flakk-familien i Ålesund som nest største eigar, går inn med 440 millionar kroner i kapitalutvidinga og vil oppretthalde sin eigarandel på 73 prosent i Hexagon Purus.

Les børsmelding her

Pengane frå kapitalutvidinga skal går til marknadsarbeid, ny batterifabrikk i Canada, utvida produksjonskapasitet i Kina og fleire tilsette.

Hexagon Purus auka inntektene frå 53 til 508 millionar kroner frå 2020 til 2021, men enda likevel med 304 millionar kroner i underskot.

Milliardavtalar før emisjon
Hexagon Purus er profilerte som eit selskap som lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, men i år er det batterisatsinga til selskapet som betyr noko.

Fredag i førre veke varsla selskapet at dei har inngått ein intensjonsavtale med lastebilprodusenten Hino Motors Manufacturing U.S. Inc. om å levere batteripakkar for rundt ni milliardar kroner frå 2024.

31. januar melde selskapet at dei var i sluttforhandlingar om ein liknande avtale med ein ikkje namngitt kunde, ein avtale som kan bli på 10 milliardar.

Desse børsmeldingane fekk Finansavisen til å spekulere i at selskapet snart ville gjennomføre ei kapitalutviding, og tysdag viste det seg at spekulasjonen slo til.

Hexagon Purus-kursen fall 6,35 prosent i løpet av dagen og slutta på 24,85 kroner per aksje. Det prisar selskapet til 5,8 milliardar kroner. Ved børsnoteringa i desember 2020 var kursen 40 kroner per aksje.

Publisert: 15.02.2022 16:37

Sist oppdatert: 15.02.2022 23:31

Mer om