Sjå tabell under
Inntektene sank og underskottet auka i siste kvartal 2023 for Hexagon Purus, viser tala som blei gjort offentleg i kvartalsrapporten tysdag.
Selskapar lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar i alt frå små bilar til store skip
Hexagon Purus-sjef Morten Holum forklarer utviklinga med at dei fekk forseinkingar på utstyrsleveransar til sin nye fabrikk i Kassel i Tyskland.
– Det gjer at vi ligg etter vekstkurven og vi regner med å bruke første halvdel av 2024 til å sikre tilstrekkeleg stabilitet og effektivitet i produksjonen, skriver Holum i rapporten.
Inntektene i 2023 stoppa på 1320 millionar kroner, ei auke på 37 prosent samanlikna med året før.
Selskapet regner med at inntektene skal øke med minst 50 prosent i løpet av 2024, og at omsetningen skal øke kraftig året etter.
Hexagon Purus var ein del av Hexagon Composites, men vart skilt ut og børsnoterte som eige selskap i 2020. Ved børsnotering var aksjekursen 39 kroner.
Før børsopning tysdag er kursen 8,02 kroner, etter at aksjen gjekk opp måndag. Den verdset selskapet til 2,2 milliardar kroner.
Les børsmelding (ekstern lenke)
| Hexagon Purus | ||
| Pr. 4. kvartal. i mill. kroner | 2023 | 2022 |
| Driftsinntekt | 1 319,6 | 963,9 |
| Driftsresultat | -595,3 | -500,6 |
| Resultat før skatt | -691,3 | -440,9 |
| Hexagon Purus | ||
| 4. kvartal. i mill. kroner | 2023 | 2022 |
| Driftsinntekt | 365,6 | 372,4 |
| Driftsresultat | -181,2 | -134,4 |
| Resultat før skatt | -187,3 | -133,1 |
Publisert: 13.02.2024 07:38
Sist oppdatert: 13.02.2024 19:11






