Inger marie sperre montasje brødrene sperre foto ogne brødrene sperre 11
REKORD: Inger Marie Sperre og Brødrene Sperre snudde tap i 2020 til rekordår i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Historisk godt år for Brødrene Sperre

Snudde raude tal i 2020 til historisk godt resultat i fjor. Men no er styret urolege for konsekvensane av krigen i Ukraina.

16.06.2022

Aldri før har Brødrene Sperre på Ellingsøya seld meir fisk enn i fjor. Totalt passerte salet 2,1 milliardar kroner, nokså likt fordelt på pelagisk fisk og kvitfisk.

Selskapet ser dermed ut til å få god respons etter at ein satsa over 100 millionar kroner på å byggje opp eit nytt pelagisk prosessanlegg på 2.400 kvadratmeter. Spesielt var det kjærkome at makrellkvoten vart kraftig auka etter at bygget vart ferdig.

Resultatet før skatt vart også rekordhøge 123,9 millionar kroner, mot minus 47,3 millionar året før.

Brødrene Sperre
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 2166 1902
Driftsresultat 129,6 -43,9
Resultat før skatt 123,9 -47,3

130 årsverk
Satsinga gjer at arbeidsstokken no er oppe i 130 årsverk, som samla i fjor fekk utbetalt over 100 millionar kroner i løn.

I årsrapporten går det fram at det var spesielt salet til Asia som auka kraftig i fjor til 1014 millionar kroner, frå 781 millionar året før.

Også Afrika auka, frå 64 til 156 millionar kroner.

Utfordringar
Men no ser styret litt mørke skyer knytt til krigen i Ukraina, som er ein stor mottakar av pelagiske produkt.

Ein boikott av marknaden i Belarus og Russland vil også ha negative konsekvensar, der spesielt russisk torsk i mange år har vore viktig for klippfiskproduksjonen.

Styret fryktar også at krigen vil auke prisen på fisk, emballasje, energi, pallar og anna som er viktig for å produsere mat.

Også transporten vil verte påvirka, og vil verte dyrare enn no, og i rekneskapen for 2021 har styret lagt inn tap på uteståande fordringar i Ukraina.

Solid eigenkapital
Trass utfordringane meiner styret at selskapet er godt rusta for framtida, og for å takle dei utfordringane som vil kome.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 357,1 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 250,8 millionar.

Brødrene Sperre er eigd av Sperre-familien der Arne Martin og Inger Marie Sperre eig 24 prosent kvar.

Ingrid Ørskog Sperre og Kristoffer Ørskog Sperre eig kvar 23,5 posent, medan Kjetil Sperre eig 5,0 prosent.

Publisert: 16.06.2022 11:20

Sist oppdatert: 16.06.2022 11:50

Mer om