Inger marie sperre montasje brødrene sperre foto ogne brødrene sperre 11
VIL TA VARE PÅ SAMSPELET: Inger-Marie Sperre leiar familiebedrifta Brødrene Sperre og har hatt ein rekke sentrale verv i Norsk sjømat. Ho påpeiker at ein er avhengig av heile verdikjeda for å auke verdien av fangsten, og at det er viktig å ta vare på samspelet mellom industrien, fiskeflåten og dei som leverer utstyr til produksjon. Foto: Brødrene Sperre/Ogne Øyehaug
Nytt

– Trur det ikkje før vi får sjå det

Inger-Marie Sperre meiner to vilkår må på plass for å auke foredlinga av fisken i Norge. Det eine kan vere innfridd frå årsskiftet.

Marius Rosbach
21.05.2021

Meir foredling av fisk og sjømat i Norge har vore eit politisk mål for fleire norske regjeringar. Anslag tyder på at potensialet for auka verdiskaping er på fleire titals milliardar, men ting går i feil retning.

– Utviklinga er dessverre bekymringsfull. For så og seie alle artar blir vi i stadig større grad ein råvareleverandør. Vi gjer mindre og mindre med fisken, og dermed eksporterer vi også verdiskaping og dei industriarbeidsplassane vi treng, meiner Inger-Marie Sperre.

Den daglege leiaren i Brødrene Sperre og no leiar av bransjegruppa for industrien i Norsk Sjømat, uttrykte si uro under eit digitalt møte med ein rekke politikarar, næringslivsleiarar og organisasjonar torsdag.

Når vi sel råvara, gir vi samtidig frå oss potensialet for verdiskaping i Norge
Inger-Marie Sperre

– Eksporterer industriarbeidsplassar
Korleis er det mogleg å skape vekst og utvikling i havnæringane i regionen, var spørsmålet som stod på dagsorden. Sperre viste til at Norge har store fiskebestandar og oppdrett, som saman gir ei enorm ressursbase.

Men ho er misnøgd med korleis Norge forvaltar ressursane og meiner Norge «eksporterer industriarbeidsplassar som vi treng».

– Ei av dei store utfordringane framover blir kor mykje vi kan skape av verdiane frå havet, her heime. Når vi sel råvara, gir vi samtidig frå oss potensialet for verdiskaping i Norge, påpeiker ho.

Peiker på to rammevilkår
To rammevilkår må på plass, meiner Sperre: Tilgang for industrien på fisk, eller råvare - og tilgang på marknaden.

– Sjømat Norge har lenge advart mot at fiskesalslagslova manglar balanse mellom seljer og kjøper. Lova gir salslaga fullmakter, som blir utøvd på ein måte som ikkje tek omsyn til heile verdikjeda, seier ho.

Sperre meiner at lova ikkje blir praktisert slik Stortinget la opp til.

(saka held fram under)

Harald Tom Nesvik Sveinung Flem Surofi foto Ogne montasje 11
ULTIMATUM: Noko av det siste Harald Tom Nesvik (innfelt til venstre) gjorde som fiskeriminister var å kreve at meir fisk blir lagt ut på auksjon. Frå årskiftet kjem nye reglar, fortalde Sveinung Flem (innfelt til høgre) i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til NETT NO denne veka. Foto: Ogne Øyehaug

Endringar frå årsskiftet
At fiskeindustrien ikkje får moglegheit til å kjøpe fisk, har vore eit tilbakevendande problem. Dei siste åra har fiskebåtreiarane selt meir fisk på lange kontraktar, og bygd opp distribusjon og eigne merkevarer i eigne salsselskap.

Men frå årsskiftet ligg det an til regelendringar. NETT NO omtala nyleg korleis minst halvparten av fisken då skal seljast på auksjon, slik at den blir tilgjengeleg for fleire.

Dersom halvparten av volumet blir auksjonert bort i alle salslaga som handterer kvitfisk, og det blir lagt til rette for ein velfungerande auksjon, så skal vi slutte å klage
Inger-Marie Sperre

Bakgrunnen er eit ultimatum frå tidlegare fiskeriminister Harald Tom Nesvik. Han krevja at anten måtte fiskarane finne ei løysing som gjorde at fisken blir tilgjengeleg for alle, eller så kjem regjeringa til å vurdere eit påbod om at all fisken skal ut på auksjon.

– Burde ha skjedd for lenge sidan
– Det er flott at salslaga seier dette, men for vi trur det ikkje før vi får sjå det, og tenker at det burde ha skjedd for lenge sidan, seier Sperre til NETT NO.

Ho er spent på både utrekningsmetode og korleis det vil fungere. Det er først og fremst salet av torsk og sei, som mellom anna er råstoff for klippfiskindustrien, som er omstridd.

– Men dersom halvparten av volumet blir auksjonert bort i alle salslaga som handterer kvitfisk, og det blir lagt til rette for ein velfungerande auksjon, så skal vi slutte å klage, påpeiker ho.

(saka held fram under)

Illustrasjonsfoto kjetil haanes fiskemottak laks 111
VIL HA MEIR FOREDLING: Norske styresmakter vil auke verdien av fangsten frå fiskeflåten og oppdrettsnæringa. Anslag frå Norsk Sjømat tyder på at det er mogleg å skape meirverdiar for drygt 30 milliardar ved å foredle meir fisk her heime. Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes

Utfordrande utan avtale med britane
Når det gjeld pelagiske fiskeslag er situasjonen svært utfordrande om dagen, så lenge Norge står utan ein fiskeriavtale med Storbritannia.

– Meir enn nokon gong ser vi behovet for eit godt samarbeid mellom flåte og industri, for å få størst mogleg verdiskaping ut av nordsjøsild og makrell, som skal bli fiska og produsert dei komande seks månadene, fortel Sperre.

Når det gjeld tilgang på marknaden, lyftar Sperre ei åtvarande peikefinger til dei politiske partia som vil ha eit alternativ til EØS-avtalen.

– EØS-avtalen er altfor viktig for industrien i Norge til å bruke den som eit lettvint valkampargument, seier ho.

Publisert: 21.05.2021 10:12

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:37

Mer om