Stig Brautaset foto Sparebank1 Søre Sunnmøre
SOLID POSISJON: Banksjef Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre fortel at han aldri har vore meir stolt over eit rekneskap banken har lagt fram. Foto: Sparebank 1 Søre Sunnmøre
Nytt

Historisk låge tap for lokalbank

- Opplever ein sterk optimisme blant bedrifter og privatpersonar, fortel banksjef Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Marius Rosbach
13.08.2021

Sparebank 1 Søre Sunnmøre melder om sterk vekst på utlån, innskot og andre inntekter so langt i år. Det kom fram då banken sendte ut tala for andre kvartal i ei børsmelding fredag.

- Vi opplever ein sterk optimisme blant bedrifter og privatpersonar og forventar vekst på alle forretningsområda i tida framover, seier administrerande direktør Stig Brautaset om utviklinga dei opplever.

Ingen konkursar grunna korona
Banksjefen fortel at dei aller fleste bedriftskundane deira har kome seg godt gjennom koronautfordringane, og banken har ikkje registrert at nokon har gått konkurs grunna pandemien.

- Vi var veldig bekymra for korleis det skulle gå, men vi ser at pandemien har gjort at vi også har fått fleire bedriftskundar, sier Brautaset.

Tapsavsetningane til banken var i kvartalet redusert til 5,2 millionar kroner, som er eit historisk lågt nivå, ifølgje banken. Banken har også redusert tapsavsetninga mot offshore frå første kvartal, grunna betre økonomiske utsikter, ifølgje kvartalsrapporten.

- Aldri vore meir solid
Utlånsveksten til banken siste år var på 10,6 prosent og veksten på innskot var også over ti prosent.

I første halvår var resultatet før skatt på 101,4 millionar kroner, ei auke på 34,7 millionar kroner frå same periode i fjor. Eigenkapitalavkastninga var på heile 13,9 prosent, mot 9,3 prosent i same periode i 2020.

- Banken har aldri vore meir solid enn i dag, legg Brautaset til.

Har endra haldning til digitalisering
Banksjefen opplever at det framleis er viktig med lokal tilknyting og at dei er til stades i lokalmiljøet. Medan dei for få år sidan trudde utviklinga gjekk i retning av ein heildigital verksemd, er haldninga no endra.

- Utviklinga går ikkje i den retninga vi trudde. Det viser seg at åtte av ti gjerne vil ha ein kontaktperson i banken som dei kan ha eit forhold til. Det gjeld spesielt dei som er i etableringsfasen, fortel Brautaset.

- Verdien av nærheit og relasjonar, er faktisk veldig viktig og meir viktig enn vi har frykta, legg han til.

Publisert: 13.08.2021 09:38

Sist oppdatert: 13.08.2021 10:01

Mer om