Historisk laagt nivaa for doedsulykker paa jobb
REDNINGSØVING: Mannskap frå fiskebåt i trening med redningsflåte hos Aske Safety i Ålesund. Ingen yrkesfiskarar mista livet på jobb i fjor. 
Nytt

«Historisk lågt nivå» for dødsulykker på jobb

Alle 29 som omkom i arbeidsulykker i fjor, var menn. Bygg- og anleggsbransjen er verst råka.

Marius Rosbach
04.02.2020
(NPK-NTB): I fjor var det 29 menneske som mista livet i arbeidsrelaterte ulykker. Dei siste ti åra har talet gjennomsnittet lege på 38 arbeidsskadedødsfall per år, medan det dei siste tre åra har vore 28 dødsfall i snitt.
– Talet på arbeidsskadedødsfall ser ut til å ha stabilisert seg på eit historisk lågt nivå. Samtidig er kvart dødsfall eitt for mykje. Det er viktig at alle aktørar i arbeidslivet arbeider systematisk med ulykkesførebygging, slik at fleire liv blir sparte, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.
Alle som omkom i arbeidsskadedødsfall i fjor, var menn.

Bygg- og anlegg overrepresentert

Næringa som peikar seg ut med flest dødsfall, er bygg- og anleggsverksemda, med ni dødsfall. Transport og lagring, og dessutan jordbruk, skogbruk og fiske, har begge fem dødsfall kvar. Tre menn døydde i industrinæringa.
– På bransjenivå blir det jobba godt og seriøst med å få ned ulykkestalet i bygg og anlegg, men det skjer likevel framleis altfor mange alvorlege ulykker i næringa, noko talet i år òg viser. Bygg og anlegg er ei risikoutsett næring, og vi veit at det framleis er mange verksemder som har eit stort potensial til å arbeide betre med helse, miljø og sikkerheit, seier Vollheim.
To tredelar av dødsulykkene skjedde ved bruk av køyretøy eller køyrbart arbeidsutstyr som traktor, anleggsmaskin eller landbruksmaskin.

Les også:



Færre utanlandske døydde

Det er færre utanlandske arbeidstakarar som døyr på jobb. I fjor var det berre to personar, begge frå Polen. Til samanlikning var det fem utanlandske arbeidstakarar som mista livet i arbeidsulykker året før.
– Utviklinga vi har sett dei siste åra, med ein stadig lågare del utanlandske arbeidstakarar blant dei omkomne, ser dermed ut til å halde fram, seier Vollheim.
Ho legg til at det er mange bedrifter som ikkje har det mest elementære på plass når det gjeld ulykkesførebygging.
– Ulykker kan og skal førebyggast. Ofte er det enkle grep som skal til for å unngå at folk blir skadde eller mistar livet på jobb, men det krev at ein jobbar med sikkerheit på alle nivå kvar einaste dag, seier ho.
(©NPK)

Publisert: 04.02.2020 13:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52