Dei regionale finalane i den årlege konkurransen «Entrepreneur Of The Year» går av stabelen i desse dagar.
Torsdag blir det klart kven som går vidare frå Nordvestlandet og i år er det fire kandidatar:
- Åge Remøy i Rem Offshore.
- Liv-Anett Valaker Røren i Valaker Bakeri og Konditori.
- Daniel Holm Sundet i Bauta Group.
- Børge Gjeldvik i Axess.
Kåringa skal framheve og heidre personar som bidreg med idear, satsar kapital og gir ein eigeninnsats for å skape varige verdiar og arbeidsplassar. Uavhengige juryar kårar finalistar og vinnarar nasjonalt og internasjonalt.
Landsfinalen blir arrangert i Oslo 4. februar neste år.
Publisert: 24.11.2025 17:01
Sist oppdatert: 24.11.2025 17:01






