Kraftliner 2
PRISHOPP: Prisvariasjonar er den nye normalen i vinter, trur analytiker. Tysdag hoppar straumprisen til nye høgder, særleg i nord. Illustrasjonsfoto: Tafjord
Nytt

Historisk toppnotering tysdag 

– Denne vinteren kjem vi til å sjå store variasjonar i prisane, meiner straumanalytikar.

28.11.2022
(NPK-NTB-Bibiana Piene): Folk kan vente seg eit kraftig hopp i straumprisen tysdag.

I Nord-Noreg er det tysdag varsla ein snittpris på straum på 2,12 kroner per kilowattime (kWh), ifølgje tal frå straumbørsen Nord Pool.

Det er ei femdobling av snittprisen måndag, som søndag vart varsla til 48,1 øre.

Tysdag er det også varsla ein lik makspris over heile landet på godt og vel 5 kroner per kilowattime mellom klokka 17 og 18. Det er ei historisk toppnotering for Nord- og Midt-Noreg, skriv Europower.

Dyrare magasinkraft

Hovudårsaka til prishoppet er at straumprodusentane no har byrja å tappe frå fleirårsmagasina, seier straumanalytikar Tor Reier Lilleholt til NTB.

– Fram til førre veke vart forbruket dekt av uregulerbar kraft. No har ein byrja å tappe vatn frå magasina. Den krafta har ein heilt annan pris, seier han.

Særleg i Nord-Noreg har magasina ifølgje Lilleholt vore tappa mykje ned i haust, og det har vore eksportert store mengder straum.

– Samtidig har det vore lite nedbør og dermed lite påfyll. Dermed har vatnet som er igjen i magasina, fått ein mykje høgare verdi, seier han.

Store variasjonar
– Denne vinteren kjem vi til å sjå store variasjonar i prisane, avhengig av vêret. Framover vil det bli mykje kaldare, og då er det venta eit forbruk likt det ein normalt har i januar og februar, seier Lilleholt.

Han tilrår samtidig kraftprodusentane å produsere så mykje straum som mogleg no for å halde straumprisane så låge som mogleg.

– Men risikerer ein då ikkje faretruande tomme magasin igjen?

– Den risikoen må ein ta. Men det vil jo komme meir nedbør gjennom vinteren, påpeikar Lilleholt.

Blir målt mot gass
Prisen blir målt opp mot prisen på gass, og dessutan det som er venta å bli prisen i vintermånadene.

Etter at EU fekk fylt opp gasslagera sine, falle gassprisane noko, men også det har snudd igjen, seier Lilleholt.

– EU har byrja å bruke av gasslagera, derfor har også prisane byrja å stige igjen.

I tillegg vil lite vind i Europa bidra til høgare prisar tysdag.

Ei anna årsak til dei høgare prisane er kulde. I slutten av neste veke er det spådd ein gjennomsnittstemperatur ned mot minus 5 grader i Noreg.

(©NPK)

Publisert: 28.11.2022 15:49

Sist oppdatert: 28.11.2022 15:56

Mer om