Dei komande oppdraga med å bygge nye skip til forsvaret var den store snakkisen på Nor-Shipping-messa denne veka.
– Bransjen er veldig interessert, seier Odd Magne Nilsen i Forsvarsmateriell til Nett No – med trykk på «veldig».
Han har vore prosjektleiar i kystvakta for alle skipa Vard har bygd for det norske forsvaret dei siste åra.
Under Nor-Shipping-messa deltok Nilsen på Vard sin stand og fortalde om samarbeidet – mellom anna med dei tre siste kystvaktskipa i Jan Mayen-klassen.
– Det har vore eit bra samarbeid heilt frå isbrytaren Svalbard blei levert i 2002, til dei tre kystvaktfartøya i Jan Mayen-klassen som har vore bygd ved Langsten-verftet, seier han.

– Bransjen må samarbeide
Vard-konsernet er mellom dei som kjempar om å sikre sin del av dei rekordstore kontraktane den maritime industrien har i vente.
Anslaget for prislappen for bygging av 28 standardiserte fartøy og minst fem fregattar, varierer ein plass mellom 200 og 300 milliardar kroner.
Vard vil både bygge det amerikanske fregattalternativet – som eigarane i Fincantieri har utvikla, og vere med på oppdraga med standardfartøya.
– Når det gjeld oppdrag i den storleiken, så vil det ikkje halde med eitt verft. Bransjen må samarbeide på tvers, seier Nilsen i Forsvarsmateriell.

80 prosent norsk utstyr
På kystvaktskipa som Vard har levert dei siste åra, er 80 prosent av utstyret om bord levert av den maritime bransjen her heime.
– Eg ser føre meg at det same vil vere tilfellet på dei komande skipa. Det gir fordelar for totalberedskapen med nærleik til støtteapparat og servicefunksjonar når vi skal vidare i den neste fasa med drift av skipa, påpeiker Nilsen.
Styresmaktene har også understreka at ei god løysing for sjølve drifta av fartøya, er eitt av fire områder det skal leverast etter.
Dei andre er leveringstid, strategisk innretting og sikkerheitspolitisk samarbeid - og industrisamarbeid og gjenkjøpsavtaler.

– Viktig å behalde kompetanse vi har
Kristian Sætre er leiar for sal og marknad av skip til forsvaret i Vard. Han trekk fram Vard si erfaring med å bygge «grå» skip som ein fordel for konsernet.
– Og det er viktig å behalde kompetanse vi har – for rikets sikkerheit – rett og slett. Det gjeld alt frå vedlikehald, bygge nye fartøy og å gjere endringar som trengst i ettertid, seier han til Nett No.
Tilhøyrarane på Nor-Shipping fekk høyre same bodskapen – og Sætre understreka at bygging av skip til forsvarsmarknaden krev spesialisert kunnskap, som langt frå alle verft har.
– Vår ekspertise er «next to none», sa Sætre under sin presentasjon, som gjekk på engelsk.
Har fått «mange gode svar» frå bransjen
Det er Forsvarsmateriell som skal stå for innkjøpa av dei nye skipa til forsvaret.
Førebels ventar dei på grønt lys frå forsvarsdepartementet for å sette i gong eit forprosjekt for dei standardiserte fartøya, fekk Nett No opplyst frå kommunikasjonsavdelinga fredag.
Prosessen med anboda for dei standardiserte fartøya, starta nyleg ved at potensielle leverandørar blei invitert til å vere med i ei marknadsundersøking.
«Vi mottok mange gode svar på markedsundersøkelsen som vi nå bruker i våre forberedelser av prosjektet», opplyser spesialrådgivar Endre Lunde i ein e-post til Nett No.
Det blir vidare opplyst at det ikkje er lagt opp til noko prosess mot alle som har sendt inn svar, men at Forsvarsmateriell vil kontakte aktørarar der dei ser nytta av vidare dialog.
Publisert: 07.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.06.2025 16:40






