Richard Hasund Ulstein betongindustri foto marius 11
STORTRIVAST: Då Richard Hasund likar variasjonen i betongarbeideryrke. Eit moderne lausdriftfjøs på Flø er mellom prosjekta han har jobba på i det siste. Foto: Marius Rosbach
Nytt

No kan fleire gjere som Richard

Behovet er stort og rekrutteringa av nye betongarbeidarar er ei utfordring. Ny vidaregåande-linje i Ålesund vil betre situasjonen.

Marius Rosbach
12.02.2022

Behovet for fleire betongarbeidarar har vore ein gjengangar når NAV-direktøren i Møre og Romsdal har peika på bransjer med behov for arbeidskraft dei siste åra.

Betongfag vart trekt fram seinast denne veka i rapporten «Kompetansebehov i Møre og Romsdal fylke», som eitt av områda der bedrifter fortel om mangel på personar med relevante fagbrev.

No kan dagleg leiar Fredrik Klock ved opplæringskontoret Byggopp Møre & Romsdal kome med ei gladnyheit til bransjen - om at Borgund vidaregående i Ålesund oppretter ei linje for betongfag til hausten.

– No er det åtte søkjarar, så det blir minst ei halv klasse frå hausten av, fortel han til NETT NO.

Stor behov for lærlingar
Betongfaget vart ei eiga VG2-linje etter at skuleløpet i yrkesfaga på vidaregåande blei lagt om i fjor. Men grunna få søkjarar blei det ikkje opprette klasser andre plassar enn i Molde.

Klock stadfestar at det er eit stort behov for nye fagarbeidarer både til betong, tømrar og muraryrke. Bedriftene i fylke har meldt inn ønsker om 85 lærlingar på desse tre områda.

– Det er eit litt høgare tall enn det har vore dei siste åra, og på betong er det eit veldig aukande behov, fortel han – og er spent på om dei klarer å fylle alle plassane.

– Vi føler at vi er på god veg til å fylle behova, men det er ingen tvil om at vi ville fyllt fleire plassar om det var fleire søkjarar som hadde dette som førsteval, legg han til.

– Eg opplever noko nytt kvar dag
Ulsteinvikaren Richard Hasund er ikkje i tvil om at han vil anbefale yrke til andre. Han er snart klar til å ta fagbrev etter ei innhaldsrik læretid i Ulstein Betongindustri.

– Eg synes det er kjekt å jobbe ute og eg opplever noko nytt kvar dag. Du held deg i aktivitet, og ein får god trening når det er fysisk tungt arbeid, fortel han til NETT NO.

21-åringen gjekk byggteknikk på Herøy vidaregåande, og var éin av to som gjekk vidare på betongfag. Etter sommaren vurderer han å ta vidare utdanning på fagskule, men han vil halde fram i byggebransjen.

– Eg synest det er gøy å bygge ting og sjå korleis eit arbeid tek form med utvikling dag for dag, fortel Hasund.

(saka held fram under)

Ulstein betong marine oppdrett forflåte foto marius 11
MARKNADER I VEKST: Forflåter til opppdrettsanlegg har dei siste åra utgjort ein større del av omsetninga hos Ulstein Betongindustri. Foto: Marius Rosbach

– Det er behov for folk
I tillegg til at dei ny linje snart kan stille med unge lærlingar til bedriftene, trur personalsjef Eli Døving Oksavik i Ulstein Betongindustri ei ny linje også vil gjere betongfaget meir anerkjent.

Ho stadfestar at dei kan tilsette folk på dagen om den rette personen kjem inn døra.

– Det er behov for folk. Om vi får tak i ein betongarbeidar som også har dei andre eigenskapane som trengs, så kan det vere aktuelt, fortel ho til NETT NO.

Bedrifta har vekse mykje dei siste åra og jobbar langsiktig for å rekruttere tilsette. Avtaler om besøk med skuleklassar og samarbeid med NAV er berre to tiltak dei nyttar seg av.

(saka held fram under)

Astrid velle ulstein betong foto marius 22
RETTLEIAR: Astrid Velle er kontrolleiar i Ulstein Betong og hjelper gruppa med tilsette som studerer saman til fagbrev. Foto: Marius Rosbach

Tilsette tek fagbrev saman
Etter- og vidareutdanning er også eit grep for å sikre fleire fagarbeidarar mellom dei som allereie er tilsett. Ei gruppe tilsette har saman sett seg mål om å ta fagbrev som praksiskandidatar.

– Når ein har fem års erfaring, så kan du ta fagbrev. Dei har meldt seg opp til teorieksamen og jobbar i lag ein kveld i veka. Elles skjer læringa i arbeidet, men dei får også litt hjelp med teorien frå Astrid Velle som er kontrolleiar hos oss, fortel Oksavik.

I løpet av hausten vil dei første frå gruppa truleg vere klare til å ta fagbrevet.

Tek også inn ufaglærte

Personalsjefen ved Ulstein Betongindustri er ikkje er ukjent med å ta inn ufaglærte som blir lært opp i bedrifta.

– Vi har i fleire år teke inn folk som ikkje har betongerfaring, men som likar å jobbe ute med fysisk arbeid og er motivert for ein slik jobb, fortel ho.

Oksavik påpeiker at bedrifta samtidig må passe på å balansere arbeidsstokken slik at dei har ein god miks med erfaring og meir «ferske» arbeidarar.

– Vi har vore forsiktige med å ikkje ta inn for mange nye på same tid, legg ho til.

Publisert: 12.02.2022 05:51

Sist oppdatert: 13.02.2022 23:12

Mer om