Global Aquaculture Technology Hub (Gath) blei starta i 2021, som eit nettverk og interesseorganisasjon for bedrifter som leverer utstyr, anlegg og tenester for havbruksnæringa.
Nordvestlandet er eit tyngdepunkt for slike bedrifter, mellom dei C-Flow, Optimar og MMC First Process og brønnbåtreiarlag som Rostein, Sølvtrans og Intership/Aquaship.
Gath har i dag i overkant av 20 medlemar og er mellom anna arrangør at Gath-konferansen i Ålesund, som samlar både eit norsk og internasjonalt publikum.
Etter at Bente Lund Jacobsen slutta som dagleg leiar sommaren 2024 har Gath arbeid med klargjer korleis den skal jobbe vidare og rekruttere ny leiar.
På eit møte torsdag kunngjorde styreleiar Per Helge Devold at Alice Strømmegjerde er tilsett som ny dagleg leiar. Ho kjem frå stillinga som salsjef i Hav Group-selskapet Norwegian Greentech. I tillegg er tidlegare TV2-journalist og NHO-talsperson Pål Bakke og tidlegare ÅKP-sjef Per Erik Dalen leigd inn for å arbeide for Gath.
– Vi ønskjer å få fart på dei aktivitetane vi held på med, seier styreleiar Per Helge Devold i Gath, om kvifor satsar på dagleg leiar på heiltid og innleige på deltid.
Han peikar på fiskevelferd og berekraft som to viktige satsingsområde.
Publisert: 06.02.2025 17:37
Sist oppdatert: 06.02.2025 19:38