Forventningane om store inntekter i framtida har gjort Hofseth Biocare til ein børsrakett i andre halvår. I dag var selskapet på ny ein av vinnarane på børsen, med ein kursoppgang på 9 prosent.
Fredag 21. juni var kursen 2,45 kroner pr. aksje og då børsen stengte i ettermiddag var den 8,72 kroner pr. aksje. Det prisar selskapet til over 2,8 milliardar kroner. Til samanlikning er grunnfondsbevisa i Sparebanken Møre prisa til 3,1 milliardar og Hexagon Composites prisa til 5,9 milliardar.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restråstoff frå oppdrettsnæringa, og har stort sett gått med underskot. Driftsinntektene per tredje kvartal er 57 millionar kroner.
Også tala for 3. kvartal i år, som blei lagt fram i dag, viste minus, men det hindre ikkje at børskursen klatra vidare.
Ei avklaring på om intensjonsavtalen blir bindande er venta innan 2019 er omme og målet er produktlansering neste år.
No, ti år etter, har investorane i aksjemarknaden tru på at ein suksess er innan rekkevidde.
Roger Hofseth eig 15,8 prosent av aksjane i Hofseth Biocare gjennom selskapet Roger Hofseth as. Den aksjeposten er verdt over 450 millionar kroner med dagens kurs.
Hofseth er og medeigar i Hofseth as og Hofseth International, som eig høvesvis 9,95 og 6,01 prosent i Hofseth Biocare.
Fredag 21. juni var kursen 2,45 kroner pr. aksje og då børsen stengte i ettermiddag var den 8,72 kroner pr. aksje. Det prisar selskapet til over 2,8 milliardar kroner. Til samanlikning er grunnfondsbevisa i Sparebanken Møre prisa til 3,1 milliardar og Hexagon Composites prisa til 5,9 milliardar.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restråstoff frå oppdrettsnæringa, og har stort sett gått med underskot. Driftsinntektene per tredje kvartal er 57 millionar kroner.
Også tala for 3. kvartal i år, som blei lagt fram i dag, viste minus, men det hindre ikkje at børskursen klatra vidare.
Nestlé-løft
Ein intensjonsavtale med Nestlé-selskapet Garden of Life om at det skal stå for salet av Hofseth Biocare-produkta i USA utløyste kursstigninga i sommar. Då avtalen vart offentleggjort i sommar sa storaksjonær og primus motor Roger Hofseth at den ville gjere selskapet lønsamt frå første dag, om den blei til ein bindande avtale.Ei avklaring på om intensjonsavtalen blir bindande er venta innan 2019 er omme og målet er produktlansering neste år.
Primus motor
Lakseforedlingsindustri- og oppdrettsselskapseigar Roger Hofseth i Ålesund kjøpte konkursbuet etter Green Earth Industries på Midsund i 2009 og satsa på å lukkast der dei amerikanske investorane mislukkast. Det er han som er primus motor for satsinga.No, ti år etter, har investorane i aksjemarknaden tru på at ein suksess er innan rekkevidde.
Roger Hofseth eig 15,8 prosent av aksjane i Hofseth Biocare gjennom selskapet Roger Hofseth as. Den aksjeposten er verdt over 450 millionar kroner med dagens kurs.
Hofseth er og medeigar i Hofseth as og Hofseth International, som eig høvesvis 9,95 og 6,01 prosent i Hofseth Biocare.
Publisert: 01.11.2019 16:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43