Vegard Helland
TRAFF BLINK: Støtteordingane for å dempe den økonomiske skadeverknadane var treffsikre konkluderer Sparebank 1 SMN i ny konkjunkturrapport. Vegard Helland (biletet) er leiar for næringslivsmarknaden i banker og kan konstantere at 2020 blei betre enn frykta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hotellbransjen på støttetoppen

Koronastøtte berga mange serveringsbedrifter og hotell frå underskot og tapt eigenkapital i fjor.

15.11.2021

Hotell og serveringsbedrifter i Møre og Romsdal og Trøndelag fekk til saman 188 millionar kroner i støtte for å dempe effekten av koronaepidemien i 2020.

Fordelinga var 99 millionar kroner til hotella og 89 millionar kroner til serveringsbedriftene. Til saman vart det betalt ut 1,2 milliardar kroner til i alt 6613 bedrifter i slik støtte i fjor.

Det er dei to næringane som fekk mest støtte, og gjorde at mange bedrifter kom ut i pluss, trass i inntektsvikten, skriv Sparebank 1 SMN i konjunkturrapporten 2021.

Unngjekk underskot
Takka vere denne støtta unngjekk serveringsbedrifter med til saman 1228 tilsette å gå med driftsunderskot i fjor. Støtta berga også serveringsbedrifter med 533 tilsette å ende med negativ eigenkapital, ifølgje rapporten.

For hotellbedriftene er det snakk om at hotell med tilsaman 842 tilsette unngjekk driftsunderskot og hotell med 430 tilsette unngjekk å få negativ eigenkapital.

Korornatiltaka har treft godt, skriv banken i konjunkturrapporten.

Optimisme
I samband med rapporten har banken også spurt bedriftene korleis dei ser på framtida. Svara viser at optimismen er då sitt høgaste nivå på ni år, for Sunnmøre sin del, og på ti år for heile regionen.

Ei av utfordringane no er å få tak i nok arbeidskraft.

Sparebank 1 SMN hadde spådd to prosent nedgang i driftsinntektene til næringslivet frå 2019 til 2020 i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Fasiten blei ein vekst på 3,3 prosent, men skilnaden mellom bransjar var stor, frå minus 70 prosent fall i driftsinntektene for reisearrangørar til 11 prosent vekst i varehandelen og 13 prosent vekst for tannlegar.

Publisert: 15.11.2021 13:12

Sist oppdatert: 15.11.2021 13:13