A Alesund hotell med hell i uhell
GODT RESULTAT: – Vi er privilegerte og har eigentleg hatt kjempeflaks, sa hotelldirektør Aina Aalen Bjerkvik ved Quality Hotel til NETT NO våren 2020. Hotellet fekk ein avtale om å huse arbeidarar frå Subsea 7 sin spolebase på Vigra. Det verka til inntektsvekst og at hotellselskapet Sbg 7 Drift vart eitt av sju hotellselskap med ein resultatmargin over 10 prosent i 2020. Foto: Marius Rosbach.
Nytt

Kriseråka bransje med betra lønsemd

For bedriftene i hotellbransjen blei 2020 meir lønsamt enn 2019, trass koronaepidemien. For dei tilsette i bransjen var det truleg verre.

31.10.2021

ANALYSE

Smittervernrestriksjonar som blir endra på kort varsel, stengde grenser, avlyste julebord og konferanser, krisepakkar frå staten og hektiske sommarsesongar . Dette har prega omtalen av hotellbransjen sidan koronaviruset kom tidleg i 2020.

Difor er det nok overraskande å sjå at hotellbransjen på Nordvestlandet samla sett hadde betre lønsemd i 2020 enn i 2019, som det går fram av tabellen i slutten av denne artikkelen.

Det er ingen tvil om at bedriftsleiarane og -eigarane har hatt bekymringar i rikelege mengder, og kø av problem som måtte løysast, men for bedriftene vart 2020 eit brukbart år målt etter storleiken på resultatet før skatt.

I gjennomsnitt fall driftsinntektene til hotella med 20 prosent frå 2019 til 2020. Koronakrisa er dermed lett å lese ut av av hotellrekneskapa.

Berre seks av 37 hotellselskap i NETT NO si oversikt auka driftsinntektene i fjor, og for dei aller verst råka var det snakk om ei halvering av driftsinntektene eller meir.

Likevel dreiv bransjen samla sett meir lønsamt i fjor enn i 2019. I og med at inntektene fall er det kostnadskutt - saman med koronastøttetiltaka - som er forklaringa.

Store og raske kostnadskutt i hotellbransjen betyr nedbemanning. Hotella har permittert, og tildels lenge. Er du permittert får du pengar, men berre ein andel av det du hadde i løn.

Det er dermed både snakk om eit økonomisk tap for den einskilde tilsette, i tillegg til uvissa om og eventuelt når du får jobben tilbake.

Mange har forlete bransjen til fordel for andre jobbar, eller er utanlandsk sesongarbeidskraft som framleis har vanskar med å kome til Noreg. Når storparten av smitteverntiltaka vart oppheva tidlegare i haust fekk både hotell- og restaurantbransjen merke at det er blitt tyngre å rekruttere.

– Vi slit med å få tak i folk innan dei fleste faga på huset, og har få søkjarar til nye stillingar. Det gjeld både servitørar, kokkar, resepsjonistar og reinhaldarer, sa administrerande direktør Sven Erik Moe ved Scandic Parken Hotel til NETT NO i september i år.

Sjølv om gjennomsnittstala viser betring i lønsemda i bransjen viser tala til kvart einskild selskap ein bransje med store stor skilnadar.

Heile 19 av i alt 37 selskap gjekk med underskot i 2020, mot 10 hotell med minus i 2019.

18 selskap hadde overskot, men berre sju av dei hadde eit resultat før skatt i høve til driftsinntektene (resultatmargin) på over 10 prosent. På minussida var det 11 selskap som hadde ein negativ resultatmargin på 10 prosent eller meir.

Hotell på Nordvestlandet
Tall i mill. kroner
K=konsern
Driftsinntekter Resultat før skatt
2020 2019 2020 2019
Hotel Alexandra as (K) Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord 208,6 226,3 17,9 2,2
Hotel Ålesund as Quality Hotel Waterfront 56,1 52,2 10,5 0,7
Hotelldrift Ålesund as Scandic Parken Hotel 55,1 83,1 3,4 1,3
SM Buick Holding as Hotel Union Geiranger 51,1 86 4,0 4,5
Sbg7 Drift as Quality Hotel Ålesund 39,6 36,7 5,0 1,3
Hotel Brosundet Bryggen as Hotel Brosundet 37 44,8 0,5 3,7
Hotel Ulstein as Quality Hotel Ulstein 25,9 38,9 -1,9 -0,3
Knutholmen as Knutholmen 25,5 25,2 3,0 1,1
Storfjord Hotel as Storfjord Hotel 22,5 29,1 -4,9 -2,2
Gloppen Hotell as Gloppen Hotell 21,2 26,5 -1,7 -0,9
Nordfjord Hotell Drift as Nordfjord Turisthotell 19,8 25,3 2,1 0,7
Geiranger Hotelldrift as Havila Geiranger Hotel 17,9 32,5 -3,7 3,6
Hotel 1904 as Hotel 1904 15,8 16,1 -2,6 0,0
Hotell Ivar Aasen as Hotell Ivar Aasen 14,8 19,9 -0,5 -1,2
Stranda Hotel as Stranda Hotel 14,3 28,8 1,2 -2,8
Hotel Noreg as Hotel Noreg 13,5 22 -1,4 0,3
Måløy Hotelldrift as Måløy Hotell 12,1 12,5 0,9 0,6
Spjelkavik Hotelldrift as Thon Hotel Baronen 11,8 14,9 -0,3 0,5
Stryn Hotel as Stryn Hotel 11,2 14,4 2,3 -0,6
Bremanger Fjord Hotell as Svelgen Hotell 10,8 15,6 2,8 3
Brattvåg Fjordhotell as Brattvåg Fjordhotell 9,8 11,9 -1,0 0,0
Valldal Fjordhotel Drift as Valldall Fjordhotell 9 11,3 -0,6 0,3
Stad Hotell as Furebuda Logde 9 6 -5,8 -3,3
Sagafjord Drift as Sagafjord Hotel 7,7 8,5 -2,7 -3
Grande Fjord Hotel og Hytter as Grande Fjord Hotel 7,3 13,6 -2,1 1,4
Hjelle Hotel as Hjelle Hotel 6,2 6,1 0,8 0,3
Blåtind Hotel as Blåtind Hotel 5,8 4,4 0,1 0,3
Villa Utsikten as Hotell Utsikten 5,7 7,1 0,1 0,1
Visnes Hotel Stryn as Visnes Hotel 4,6 4,7 0,2 0,1
Raftevold Hotel as Havila Raftevold Hotel 4,4 11,7 -6,5 -2,5
Olden Fjordhotell as Olden Fjordhotel 4,4 6,7 0,04 0,1
Innvik Fjordhotell Misjonshotell as Innvik Fjordhotell 4,2 5,7 -0,2 0,3
Sunde Fjord Hotel as Sunde Fjord Hotel 4,2 4,6 -0,7 0,7
Aursnes Hotell as Aursnes Hotell 3,2 3,9 -0,2 0,5
Melshorn Hotel as Melshorn Hotel 2,2 3,4 -0,3 -0,6
Sentrum Hotell as Sentrum Hotell 1,3 1,4 0,003 -0,1
Fivelstad Eiendom as Villa Nordangdal 0,02 0,2 -0,3 -0,5
SUM 773,6 962,0 17,4 9,6

Publisert: 31.10.2021 06:00

Sist oppdatert: 31.10.2021 08:22

Mer om