Hydroangrep kosta minst 550 millionar
PENN, PAPIR OG SVARTE SKJERMAR: Dataangrepet på Norsk Hydro i fjor gjorde at selskapet måtte bygge opp systema på nytt, basert på sikkerheitskopiar. I mellomtida måtte aluminiumsverka ta fram gamle arbeidsmetodar.
Nytt

Hydroangrep kosta minst 550 millionar

Hausten 2018 kom angriparar seg innanfor datasystemet til Norsk Hydro. Like etter midnatt, natt til 19. mars 2019, kom angrepet - som kosta selskapet mellom 550 og 650 millionar kroner.

11.06.2020

Angriparane kom seg innanfor gjennom ein epost med eit vedlegg som såg heilt tilforlateleg ut og jobba seg gradvis innover i systema. Då angrepet kom, fekk tilsette beskjed om at PC´en var kryptert, og melding om kvar dei skulle ta kontakt for få vite prisen for å få låst den opp.

Betaling var aldri eit aktuelt spor å følgje, mellom anna fordi Norsk Hydro då framleis ville hatt angriparane innanfor murane, seier kommunikasjonsrådgivar Anders Vindegg.

I staden blei system og sambanda mellom dei stengde, tilsette fekk beskjed om å ikkje koble til PC´ar, og alt vart bygd opp på nytt basert på sist oppdaterte sikkerheitskopiar av informasjonen i datasystema.

Etterverknadar den dag i dag
Norsk Hydro har ingen kommentarar til dataangrepet på Vard, som polititet i går stadfesta framleis pågår, men erfaringane frå Norsk Hydro viser kor dramatisk og dyrt eit slikt angrep kan vere.

Les også: - Vard er framleis under angrep

Først etter ein månad var konsernet nokolunde i vanleg drift, og heilt fram til no er det dataprosjekt som har blitt forsinka og utsett fordi it-avdelinga har arbeidd med å rydde opp etter angrepet.

Til saman har Norsk Hydro berekna at angrepet og arbeidet etterpå har kosta selskapet mellom 550 og 650 millionar kroner. Deler av kostnaden er dekt av forsikringar, og ein del forsikringsoppgjeret er framleis ikkje avslutta.

Informerte frå første dag
Norsk Hydro la ut melding om angrepet via Facebook og sende ut børsmelding 19. april.

- Vi tok ei umiddelbar beslutning om å vere opne om dette, seier Vindegg.

Grunnen til at selskapet gjekk ut med informasjon med ein gang var eit ønskje om å få verdifulle innspel om korleis angrepet skulle handterast og å gjere at andre kunne lære av Norsk Hydro sine erfaringar.


Publisert: 11.06.2020 12:05

Sist oppdatert: 24.09.2021 10:53