Torsdag var det klart for årets bransjesamling for møbelindustrien i Sykkylven. Då kom det mellom anna fram at høgare toll til USA gjer at Innovasjon Norge legg om eksportsatsinga for bransjen.
– Vi hadde tenkt til å gjere nokre framstøyt i USA. Men med høg toll på norske møblar, så vil vi vri mesteparten av aktivitetane våre mot Europa, fortalde Runar Haugen i Innovasjon Norge.
Han er leiar for eksportsatsinga for vareproduksjon og design i Innovasjon Norge. Det er eit opplegg som skal vare ut 2026, og hjelpe norske møbelbedrifter til å auke salet til utlandet.
I første rekke vil det bli jobba mot den tyske og britiske marknaden, i tillegg til Nederland. Haugen påpeika at det framleis var mogleg for fleire bedrifter å bli med.
Les også
Rår fleire til å skilje seg ut
Haugen meiner at norsk møbelindustri framleis har ei avgjerande utfordring: Dei skil seg i for liten grad frå andre.
Han meiner fleire i møbelbransjen bør vere heilt tydelege på kva dei skal vere best på – og dyrke det.
– 80 prosent av bedriftene er framleis «stuck in the middle», og tenar for lite, fordi ein ikkje har teke desse strategiske vala, sa han.
Haugen drog fram Stokke som eit eksempel på ein aktør som tidlegare dreiv i ulike marknader – men som bestemte seg for å gå «all in» på barneprodukt.
– I dag tenar dei gode pengar, påpeika Haugen.

Mykje av veksten har skjedd utomlands
Vilkåra for møbelindustrien var eit tema som gjekk igjen i fleire punkter på programmet. Konsekvensane av høgare formues- og utbytteskatt for bedriftseigarane, har gjort at bransjen er meir pressa økonomisk enn nokon gong.
Bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri tok for seg resultata frå ein rapport om verdiskapinga frå bransjeforeiningane i Designindustrien og Teko.
Den viser til eksempel at mykje av veksten i produksjon og fabrikkar dei siste åra, er gjort utanfor Norge. Dette er fordi rammevilkåra rett og slett ikkje er gode nok her til lands, konkluderer rapporten.
Forfattarane anbefaler betre tilgang til investeringsmidlar, både i form av avskriving og støtte. I tillegg blir det argumentert for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.
Publisert: 30.10.2025 14:58
Sist oppdatert: 30.10.2025 21:36






