Hexagon Purus på børs skjemndump
TØFF DAG: Aksjonærane i Hexagon Purus hadde ingen god dag på børsen i dag. Foto: Oslo Børs
Nytt

Hexagon Purus-stup på børsen

Hydrogenselskapet ned nesten ni prosent på tung børsdag.

11.05.2021

Aksjekursen i Hexagon Purus fall 8,9 prosent i dag, til 36 kroner per aksje. Det er den lavaste aksjekursen sidan børsnoteringa i desember i fjor.

Hexagon Purus lagar drivstofftankar og -system for alt frå bilar til skip og blei skilt ut frå Hexagon Composites og børsnotert i fjor. Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Knut Flakk og familien eig 14,57 prosent av aksjane i Hexagon Composites.

Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund.

Hexagon Purus la fram 1. kvartalstal i dag, Hexagon Composites gjer det i morgon.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff på bussar og lasterbilar, som energiforsyning til industri og anlegg og små gasstankar som i Noreg blir brukt til gassgriller og hytter.

Over dobla verdi.
I ei kapitalinnhenting før børsnotering i fjor vart Hexagon Purus verdsett til 27 kroner per aksje,

Ved børsnoteringa i desember var kursen 40 kroner per aksje.

Toppen blei nådd 8. januar i år, med 82,10 kroner per aksje.

Meir enn halvert
Etter rekordnoteringa i starten av januar i år har det gått nedover i rykk og napp for Hexagon Purus-aksjen.

36 kroner per aksje som er kursen då børsen stengte i dag, verdset selskapet til 8,2 milliardar kroner.

Hexagon Composites nådd si toppnotering 19. januar i år, med 72,60 kroner per aksje. I dag blei sluttkursen 39,40 kroner per aksje, eit fall på 4,2 prosent. Kursen verdset Hexagon Composites til 7,9 milliardar kroner.

Aksjekursen i begge selskapa fall frå børsopning i dag, men tok seg litt opp igjen mot slutten av dagen.

Publisert: 11.05.2021 16:36

Sist oppdatert: 11.05.2021 16:42