Hytteboom utan ende
STEG FOR STEG. Første byggetrinn er i ferd med å bli fullført nederst i lia på Fjellsetra. Kenneth Brunstad i Mørelaft har fått hogt ned skogen og merka opp tomtene i byggetrinn to rett bak seg, og har sikra seg tomter også til byggetrinn nummer tre.
Nytt

Hytteboom utan ende

Sidan starten på 2015 er det investert i hyttebygging for minst 750 millionar kroner på Nordvestlandet. Hytteboomen blir berre større.

01.01.2018
Kenneth Brunstad i Mørelaft står i lia ved Fjellsetervatnet i Sykkylven. Den første frostnatta er passert, og sola er i ferd med å klive over fjellkammen på andre sida av dalen.
Rett bak Brunstad er fjellbjørkeskogen nettopp kappa ned og eit nytt hyttefeltområde merka opp. Her blir det byggestart for 14 nye fritidsleilegheiter, straks Brunstad har fått seld nok til å gå i gang.

Knappe 100 meter unna er handverkarane i sving på første byggesteg, som er på 18 leilegheiter, der fleire allereie er innflytta.
Går salet som Brunstad håpar på, kan det bli enda meir. Arealet til ytterlegare 20 fritidsbustads-einingar er sikra enda lenger oppe i lia.
Då Joar Ekornes blei medeigar i Mørelaft og partnar med barndomskameraten Kenneth Brunstad i 2013, hadde selskapet 17 millionar kroner i driftsinntekter.
I 2016 passerte Mørelaft 35 millionar kroner i driftsinntekter, ei dobling på tre år. No er selskapet hyttefeltutviklar på Bjorli, Stranda, Sykkylven, Stordal og Stryn, alle dei store hytteutbyggingsområda på Nordvestlandet.

750 millionar

Mørelaft er ikkje åleine om å ha nok å gjere.
NETT NO sitt forsiktige anslag etter å ha snakka med alle dei større hyttefeltutviklarane på Nordvestlandet, er at det er blitt investert rundt 750 millionar kroner i hyttefelt og hyttebygging frå og med 2015.
Hyttebygginga stoppa ikkje då oljeprisen stupte heller, men endra seg. Det er blitt færre av dei aller dyraste og gjennomsnittshytta eller fritidsbustaden er blitt billegare.
Otto Vik, hyttelfeltutviklar i hyttekommune nummer ein – Stryn – seier han har merka at det har blitt færre kjøparar knytt til oljebransjen, men at nye grupper er dukka opp i takt med endringa i økonomien på Nordvestlandet.
- Vi har fiskarane no, som gjer det bra, og det merkar vi, sa Vik til NETT NO i oktober.

Satsar på utleige

I kjellaren under PC Support i Sykkylven har Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe leigd eit lite verkstadslokale. Dei jobbar i It-bransjen, og har vore hytteutleigarar og møbelsnekkarar sidan 2015.
Her lagar dei sjølve møblane – senger, skap og bord - til fritidsbustadane dei eig og leiger ut på fjellet.
Stilen skal vere gjenkjenneleg for kundane uansett kva hytte dei lagar. Og den skal vere slik at kundane vil kome att.
- WOW!-effekten, skaper du ikkje den i løpet av få sekund, så klarer du det aldri, seier Hjellegjerde.
Idéen kom då han leigde ut eigen fritidsbustad på Fjellsetra i Sykkylven og såg at det gjekk greitt å leige ut på sommarstid.
No eig Hjellegjerde og Røe seks leilegheiter på Fjellsetra og fire på Stranda - gjennom selskapet Sunnmørsalpane Hytteutleige - og planlegg ytterlegare vekst innan eit par år.
Stikk i strid med det forståsegpåarar fortalde dei – men heilt i samsvar med eigne forventningar - er det sommartida som er høgsesong for utleige.

Fulle hytter

På Stranda har Helge Ibrahim i Stranda Booking same erfaring. Om sommaren er det fullt.
- I 2004 starta vi Stranda Booking, då dreiv vi berre om vinteren, seier Ibrahim.
No står sommaren for 60 prosent av trafikken.
Medan Hjellegjerde og Bøe først og fremst satsar på å eige og leige ut, har Ibrahim satsa på å leige ut for andre.
Veksten har vore formidabel. I år anslår han at han vil leige ut for nesten 10 millionar kroner.
Ibrahim har 60-70 hytter og leilegheiter i stallen og tek heile jobben med stell av hyttene og service for kundane.
Hyttefeltutbyggar Jan Arvid Berge i Stranda Fjellgrend meiner utleigemarknaden stimulerer kjøpelysta. Fleire satsar på fritidsbustadar når dei ser at det går an å få inntekter på dei. Berge har travle tider.
- Vi sel like fort som vi byggjer ferdig. Leilegheitene går unna med ein gong. Vi har knapt fått støvsuga og vaska før dei reiser, seier Berge.
(I magasinet kom NETT NO i skade for å skrive Jan Arild Berg, i staden for det korrekte - Jan Arvid Berge. NETT NO orsakar)

Flytta hyttebygging innandørs


Etterspørselen etter hytter og fritidsbustadar har og gitt opning for nye aktørar og nye idéar.
I ein del av den nesten tome Vad-fabrikken i Stordal har gründer og eigar Steffen Leganger leigd plass til firmaet sitt, InStordal

blir hyttene bygde fiks ferdig innandørs, sette på ein lastebil og køyrde fram til tomta og sette på plass, på pålar, mur eller støypt fundament.
Så langt har det unge firmaet seld seks hytter. Målet er å kome opp i eit sal som gjer det råd å ha tre hytter i arbeid i slengen. Det vil gi maksimal effektivitet i produksjonen.
Standard breidde er 3,8 meter, største lengde 14,9 meter. Forma er langt unna laft og torvtak, her er det flate tak og store vindauge.
Den største varianten kostar knappe 1,6 millionar, den minste 790.000 kroner.
- Det må gå an at folk utan fleire millionar i inntekt å ha råd til å kjøpe seg ei hytte, seier Leganger.
Vi sel like fort som vi byggjer ferdig. Leilegheitene går unna med ein gong. Vi har knapt fått støvsugd og vaska før dei reiser

Publisert: 01.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 12.05.2021 11:14

Mer om