Nytt
Hytteutleigarar i korona-klemme
Campingplassane er i klemme på grunn av utanlandske hyttegjestar som held på reservasjonane sine.
13.05.2020
Det er utlendingane som er den viktigaste inntekstkjelda for Geirangerfjorden Feriesenter. Over 80 prosent av inntektene frå hytteutleige kjem frå utanlandske gjestar, og dei er også ivrige til å leige båtar. Dei er også tidlegast ute med å bestille plass på hyttene.
No, under koronaepidemien, skaper det hovudbry.
Grunnen er at korkje utlendingane - med tyskarar som største gruppe - eller campingbransjen veit kva reiserestriksjonar som vil gjelde i sommar. Konsekvensen er at utlendingane held på reservasjonanen sine i håp om at det blir opna opp.
Hos Geirangerfjord Ferisenter er det gratis å avbestille inntil fire veker før gjestane skal kome.
Det kan gi campingplassen knapt om tid.
- Fire veker før har toget for dei beste gjestane gått, seier Finn Magne Grande i Geirangerfjord Feriesenter.
Erfaringane hans er at dei gjestane som bestiller lenger opphald og legg att mest pengar og tidleg ute med å bestille feriane sine. Difor står ei avklaring om reiserestriksjonane høgt på ønskelista hans.
I og med at det er stor fare for at utlendingane uteblir i år blir juli ekstra viktig. Det er det som er den store feriemånaden for nordmenn, og dermed også den som skal gi campingplassane storparten av inntektene denne sesongen.
I fjor var det stappfullt på campingplassen i 6-7 veker. No er det uvisse.
- Eg håpar det kjem noko om desse grensene, seier Sande Beinnes om behovet for avklaring om reiserestriksjonane.
(Sande Camping er eit enkeltmannsforetak og reknskapen er ikkje offentleg tilgjengleg.)
Medan norske gjestar står for 72 prosent av inntektene for campingplassane på landsbasis anslår Maråk at fordelinga er omlag omvendt for Geiranger Camping.
- Dei fleste er ganske positive, i alle når dei fekk opne så tidleg i sesongen, seier Buseth.
Ifølgje Buseth får han rapportar om at norske gjestar som hadde bestilt for eit par dagar no kontaktar campingplassane og forlengjer opphalda.
Frå sommarsesongen 2016 til sommarsesongen 2018 auka talet på kortare overnattingsopphald i telt eller campingvogn med 34 prosent på Sunnmøre. For bubilar er veksten 26 prosent. Det viser tal frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, basert på reiselivsstatistikken til Statistisk Sentralbyrå.
Resultatet før skatt for dei største campingplassane var på gjennomsnittleg 19,6 prosent av driftsinntektene i 2017. Det var betre lønsemd enn i 2016, og kom etter ein auke i driftsinntektene på 36 prosent.
Dei største campingplassane på Nordvestlandet hadde ei høgare lønsemd enn dei mest lønsame hotella.
No, under koronaepidemien, skaper det hovudbry.
Grunnen er at korkje utlendingane - med tyskarar som største gruppe - eller campingbransjen veit kva reiserestriksjonar som vil gjelde i sommar. Konsekvensen er at utlendingane held på reservasjonanen sine i håp om at det blir opna opp.
Fire veker før
Faren, sett fra campingbransjen si side, er at ei avklaring om reiserestriksjonane kjem så seint at utlendingane held på reservasjonane sine så lenge som råd - og dermed gjer det vansklegare for campingplassane å rekke å fylle opp med norske gjestar i staden.Hos Geirangerfjord Ferisenter er det gratis å avbestille inntil fire veker før gjestane skal kome.
Det kan gi campingplassen knapt om tid.
- Fire veker før har toget for dei beste gjestane gått, seier Finn Magne Grande i Geirangerfjord Feriesenter.
Erfaringane hans er at dei gjestane som bestiller lenger opphald og legg att mest pengar og tidleg ute med å bestille feriane sine. Difor står ei avklaring om reiserestriksjonane høgt på ønskelista hans.
I og med at det er stor fare for at utlendingane uteblir i år blir juli ekstra viktig. Det er det som er den store feriemånaden for nordmenn, og dermed også den som skal gi campingplassane storparten av inntektene denne sesongen.
Stappfullt siste åra
Hos Turid Sande Beinnes i Sande Camping i Loen er grensa for gratis avbestilling av hytter tre veker. Ho opplever det same som Grande i Geirangerfjord Feriesenter, dei 14 hyttene og leigegheitene til campingplassen er reservert av utlendingar, som held på reservasjonane inntil vidare.I fjor var det stappfullt på campingplassen i 6-7 veker. No er det uvisse.
- Eg håpar det kjem noko om desse grensene, seier Sande Beinnes om behovet for avklaring om reiserestriksjonane.
(Sande Camping er eit enkeltmannsforetak og reknskapen er ikkje offentleg tilgjengleg.)
Mager forsesong
Frank Måråk i Geiranger Camping har ikkje hytter og slepp dermed unna dilemmaet Grande og Sande Beinnes står i. Men for han og er utlendingar viktige, og spesielt i forsesongen, som han no trur blir mager.Medan norske gjestar står for 72 prosent av inntektene for campingplassane på landsbasis anslår Maråk at fordelinga er omlag omvendt for Geiranger Camping.
Trur på bra sommar
Hos NHO Reiseliv fortel bransjesjef for camping, Jarle Buseth, om ein relativ optimistisk bransje etter at campingplassane har fått klarsignal for å opne. Framleis er det kommunar som held på restriksjonane, men for storparten av bransjen er dørene opne - om enn med smitteverntiltak.- Dei fleste er ganske positive, i alle når dei fekk opne så tidleg i sesongen, seier Buseth.
Ifølgje Buseth får han rapportar om at norske gjestar som hadde bestilt for eit par dagar no kontaktar campingplassane og forlengjer opphalda.
Betre enn hotell
Camping har vore ein vekstbransje dei siste åra.Frå sommarsesongen 2016 til sommarsesongen 2018 auka talet på kortare overnattingsopphald i telt eller campingvogn med 34 prosent på Sunnmøre. For bubilar er veksten 26 prosent. Det viser tal frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, basert på reiselivsstatistikken til Statistisk Sentralbyrå.
Resultatet før skatt for dei største campingplassane var på gjennomsnittleg 19,6 prosent av driftsinntektene i 2017. Det var betre lønsemd enn i 2016, og kom etter ein auke i driftsinntektene på 36 prosent.
Dei største campingplassane på Nordvestlandet hadde ei høgare lønsemd enn dei mest lønsame hotella.
Publisert: 13.05.2020 06:00
Sist oppdatert: 15.03.2021 08:40