I mange år har det vore halogen og xenon-pærer som har dominert når ein skal lyse opp områder på skip og installasjonar i den maritime bransjen.
I staden for å nytte glødetråd eller gass, som i dei tidlegare alternativa, har dotterselskapet, Glamox, Luminell, utforska bruk av laser. Resultatet blir lansert for marknaden siste halvår i 2025 - og selskapet er spent på mottakinga.
– Det er ein game changer. Den maritime bransjen endrar seg langsamt, men her har vi noko som inneber forbetringar på så mange ulike parameter, seier Markus Lundqvist som er produktansvarleg for søkelys hos Glamox.
Les fleire saker frå Nor-Shipping

Ein rekke fordelar
Under Nor-Shipping-messa var det stort oppmøte då selskapet demonstrerte «SL25 Laser» - eit søkelys som tek verktøyet til eit nytt nivå.
Då vi ber Lundqvist fortelje fordelane med det nye søkelyset, skjønar ein entusiasmen.
- Betre levetid: 12 000 timar, samanlikna med 2 000 timar for tradisjonelle xenon-lamper. Det gir mindre behov for vedlikehald.
- Lågare energiforbruk: Brukar berre 500 watt i staden for 2 000 watt, noko som inneberer eit vesentleg lågare energibehov.
- Kompakt og lett: Halvparten så stor og halvparten så tung som tradisjonelle alternativ. Det gjer monteringa enklare og meir fleksibel plassering om bord.

- Same rekkevidde: Gir same rekkevidde som xenon (cirka 9.000 meter) men med mindre straumforbruk og meir kompakt design.
- Betre lysbilete: Ved bruk av brei lyskjegle held lysbiletet seg jamt utan svarte felt, noko som ofte skjer med xenonpærer.
- Enklare vedlikehald: Når lyskjelda må skiftast, kan det gjerast utan å måtte opne heile lampa (vass- og støvtett).
- Sikkerheit: To separate 250-watt lyskjelder gjer at dersom éi feilar, vil den andre halde fram å lyse.
Ufarleg teknologi
Eit spørsmål Markus Lundqvist gjerne får om nyvinninga, er om laserlyset er farleg?
– Den er ikkje farlegare enn alle andre lampar på heile kloden som lyser 9000 meter. Det er berre det at vi lagar synleg lys med laserteknologi, svarar han då.
– Fordelen med laserlys er at du kan gjere det utrolig energiintensivt, legg han til.
Med bruk av til eksempel led-lys, vil ein trenge langt større plass til teknologien, som vil gjere lampa langt større. Led-lys har heller ikkje eigenskapen til å fokusere kvitt lys, slik som søkelyset basert på laser.
Meiner det ikkje finst konkurrentar
Glamox-plattforma er velprøvd gjennom fleire tiår og gir ei rekke ulike moglegheiter.
I tillegg kan ein til eksempel integrere termografi-kamera, som kan oppdage varme frå ein sakna person. Óg ein kan kople det saman med navigasjonssystem som ein radar.
– Då får du eit system som ingen andre eigentleg har, seier Lundqvist.
Publisert: 10.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.06.2025 10:12






