Kort fortalt

Lausund åtvarar mot byggestopp

Kan bli dobbelt så dyrt som reinseanlegg.

28.09.2023

Omkampar om Ålesund og Sula sitt felles reinseanlegg kan få store konsekvensar langt utover desse kommunane, meiner aktørar i byggebransjen, ifølge Sunnmørsposten.

– Ein byggestopp i Ålesund og Sula i eitt år, med alle prosjekt som vil bli stoppa og konsekvensane av det, kan koste det dobbelte av reinseanlegget. Altså rundt fire milliardar kroner, seier Mostein-sjef Steinar Lausund til avisa.

Han påpeiker at talet er hans eige estimat, men nøler ikkje med å kalle situasjonen ei krise og meiner byggenæringa i heile fylket står i fare for å bli rasert.

Ålesund har hatt byggestopp sidan i vår, medan det same har i praksis vore tilfelle i Sula sidan starten av året.

Årsaka er at reinseløysingane i kommunane per no ikkje gode nok. Det er planar om å bygge nytt reinseanlegg på Kongshaugen i Sula med ein anslått prislapp på to milliardar.

Publisert: 28.09.2023 09:19

Sist oppdatert: 28.09.2023 09:19

Mer om