Brodrene Aa Tor Oivind Aa 2 Foto Marius Rosbach
VIL SATSE PÅ NY: Tidlegare Brødrene Aa-sjef Tor Øyvin Aa, og ei rekkje familemedlemer, eig selskapet Brødrene Aa Eiendom, som vil vere med i ei investorgruppe for å starte ny drift. Foto: Marius Rosbach.
Nytt

Håpar å gi bod på Brødrene Aa innan to veker

Tidlegare styreleiar arbeider med å samle investorgrupper for å få ny drift i Hyen. Har Aa-familien på laget.

05.06.2025

Som styreleiar i hurtigbåtverftet Brødene Aa lukkast Gustav Johan Nydal ikke med å unngå konkursen, men no håpar han å vere med på at det framleis skal byggast hurtigbåtar i Hyen.

– Vi snakkar med fleire aktuelle investorar og det er fleire interessentar, seier Nydal.

Kven som eventuelt blir med vil han ikkje seie noko om, ut over at Aa-familien, gjennom Brødrene Aa Eiendom, er ein av dei.

– Eg ser ikkje for med eit verft i Hyen der Brødrene Aa Eiendom ikkje er med på ein eller annan måte, seier Nydal.

Eig bygningane
Brødrene Aa Eiendom er eigd av medlemar av Aa-familien. Selskapet eigde knappe 60 prosent av det konkursråka Brødrene Aa og eig fabrikkbygningane som hurtigbåtverftet brukte.

Målet til Nyland er å etablerer ei gruppering raskt, og håpet er at å vere klar til å gi eit bod innan to veker.

Treng 50-60 millionar
Arbeidet med å etablere ei investorgruppe skjer på oppdrag frå Brødrene Aa, men i full forståing med bustyret, ifølgje Nyland. 

– Vi er i ei fase der vi ser på kapitalbehov og forretningsplan.

Eit førebels vurdering er at det trengst 50-60 millionar kroner i eigenkapital for å starte opp att.

Forseinka med rekordoppdraget
Tidleg i april vart det kjent at verftet vurderte å permittere tilsette, fordi Norled varsla at dei ville kansellere kontrakten på den første av tre båtar. 

Det utløyste krisa som enda med konkurs.

Etter kort tid kansellerte Norled kontrakten på alle dei tre båtane – som i si tid utgjorde ei rekordstor kontrakt for verftet. 

Den første av tre båtar skulle vore levert i fjor, men blei forseinka. Norled opplyste også at årsaka til kanselleringa var at fartøya ikkje gjekk fort nok i høve til energiforbruket. 

Etter å ha arbeidd i fleire veker for å unngå konkurs gjekk Brødrene Aa til skifteretten i førre veke. Nesten alle dei 168 tilsette har mista jobben.

Publisert: 05.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 05.06.2025 07:50

Mer om