Bustyrar Håvard Wiker i konkursbuet til hurtigbåtverftet Brødrene Aa i formiddag hadde ei dyster melding å kome med på allmøtet for dei 168 tilsette i dag.
– Konkursbuet har ikkje pengar, så alle kjem til å få oppseiing, unntatt nokre nøkkelpersonar, seier hovudtillitsvald Jon Vidar Storsletten i Brødrene Aa om kva som var bodskapen på allmøtet.
Dei første får oppseiinga allereie i dag, reknar Storsletten med.
Nav er på plass
Då NettNo snakka med Storsletten etter møtet var Nav på plass i Hyen for å hjelpe dei tilsette med å skrive søknadar om tilskot frå lønngarantiordninga.
Også ein bank var til stades, for mellom anna å sjå på om dei tilsette kan få utbetalt tilskot på førehand, sidan ventetida på utbetalingar for lønnsgarantiordninga kan vere 15 månadar, ifølgje Storsletten.
Gjekk til skifteretten
Krisa som enda med at Brødrene Aa melde oppbod i førre veke vart utløyst av at ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled kansellerte kontrakten for ein og så to hurtigbåtar. Tilsaman var det snakk om oppdrag for 420 millionar kroner. Kontraktane vart inngått i 2023, og er den største kontrakten verftet nokon gong har inngått.
Båtane skulle gå på batteri som skulle skiftast undervegs. to av bptan skulle trafikkere ruta Trondheim-Kristiansund.
Kontrakten vart kansellert på grunn av forseiknkingar ogfordi båtane ikkje innfridde kravet til fart innanfor et avtalt energiforbruk-
Ifølgje verftet gjekk båtane eit halvt knop for sakte til å innfri krava i kontrakten.
Publisert: 03.06.2025 15:03
Sist oppdatert: 03.06.2025 15:03





