Hofseth international Raudbergvika montasje roger foto marius 11
STORFJORDEN: Inne i dei nedlagde olivingruvene i Storfjorden vil Roger Hofseth satse på landbasert oppdrett. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hofseth håpar å starte bygginga neste år

Roger Hofseth viste fram gruvene der han planlegg investeringar for opptil 18 milliardar.

Marius Rosbach
11.08.2021

Roger Hofseth og Hofseth International jobbar for fullt med å realisere planane om storstilt landbasert oppdrett i Storfjorden.

Selskapet vil bruke dei tidlegare olivingruvene ved Raudbergvika til lakseoppdrett, for å sikre tilgang på råstoff til foredlingsverksemda.

Om alt går etter planen kan sjølve utbygginga kunne starte våren 2022.

- Vi håpar å få konsesjon i slutten av november og reguleringsarbeidet skal vere ferdig tidleg neste år, fortel Roger Hofseth til NETT NO.

(saka held fram under)

Hofseth international raudbergvika foto marius 33
STORE HALLAR: Anlegget i Storfjorden har kilometervis med tunnelar og store fjellhallar. Hofseth kjøpte anlegget i fjor. Foto: Marius Rosbach

Mange investorar på omvising
Onsdag fekk NETT NO saman med ein tverrpolitisk delegasjon med ungdomspolitikarar, kome inn i gruvehallane.

Sjå video frå gruvene her (lenke til Facebook)

Kostnadene på investeringa er no oppe i 15 til 18 milliardar grunna høgare materialkostnad og utviding av planane. Hofseth påpeikar at mykje framleis er usikkert.

- Vi håpar at det blir rimelegare, legg Hofseth til.

Han trur ikkje det skal bli noko problem å skaffe kapitalen som trengs, og fortel at dei har hatt mange investorar på omvising. No ventar Hofseth på at konsesjonen kjem på plass, slik at dei kan inngå avtaler.

(saka held fram under)

Roger hofseth storfjorden illustrasjon foto marius 11
100.000 TONN ÅRLEG: Roger Hofseth planlegg ein produksjon på kring 100.000 tonn årleg når anlegget i Storfjorden er ferdig utbygd.

Treng 350-400 tilsette ved anlegget
Den første utbygginga ved gruvehallane i Storfjorden, er rekna å ta tre år. Først etter ti år er anlegget ferdig utbygd.

Hofseth håpar at utbygginga skal skape opptil 1000 nye arbeidsplassar i heile verdikjeda til konsernet, inkludert foredlingsarbeidet.

- Ferdig utbygd treng vi 100 personar berre til å drifte anlegget, og dei må vere til stades heile tida. Det betyr fleire skift og truleg 350-400 personar berre her, fortel Hofseth.

Daniel bugge petter leon fauske hofseth international Raudbergvika 11
KJERNEPRØVER: Daniel Bugge (t.h.) var omvisar for politikarar, bransjefolk og presse onsdag. Her med MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske og kjerneprøver frå fjellet. Til saman skal det borast fire hol for å sjekke grunnforholda. No er dei kome drygt 300 meter inn i fjellet. Foto: Marius Rosbach

Vil bruke opp att fiskeslammet
Lokaliseringa er noko av bakgrunnen for at Hofseth vil bygge nettopp her. Stabil og passe temperatur på vatnet gjer at det er mindre behov for å bruke energi på å regulere temperaturen på vatnet som skal pumpast gjennom anlegget.

Hoseth jobbar samtidig med ulike løysingar for å spare straumutgifter.

- Tanken er at vi samlar opp slammet frå fisken, slik at vi kan nytte det til å produsere biogass, som vi kan nytte om dagen når kraftprisane er høge, fortel han.

Hofseth anslår at dei kan spare kring 20 prosent straumutgiftene på dette viset. Han har også tankar om korleis biogassen kan nyttast til å lage hydrogen som trengs til å drive båtane, og oksygen som trengst i fiskeproduksjonen.

Sjå video frå gruvene her (lenke til Facebook)

Publisert: 11.08.2021 16:06

Sist oppdatert: 06.09.2022 14:47