Hofseth hentar investorar til nedlagt gruve
I slutten av juli tek Roger Hofseth mot dei første internasjonale investorane for å vise fram det som mellom anna kan bli eit landbasert oppdrettsanlegg ved Storfjorden.
Då Hofseth kjøpte området i det tidlegare olivingruveområdet Raudbergvika, like ved neset som skiller Tafjorden og Sunnylvsfjorden, var ideen å bruke det som base for oppdrettsverksemda si. Men han har etterkvart utvida planane kraftig, så kraftig at det er snakk om ei investering på 12-13 milliardar kroner.
Les også: Milliardplanar i gruveanlegg
For å realiserer dei planane må han han pengar, og difor kjem investorane på besøk. I alt 50 til 80 representantar for potensielle investorar reknar Hofseth med å ta i mot, fordelt på 10-12 grupper.
Investorane skal både få presentert prosjektet i Raudbergvika og besøke Hofseth Aqua og andre anlegg med teknologi Hofseth meiner er relevant for prosjektet.
Stabil temperatur
Då Hofseth tok vassprøver utanfor Raudbergvika oppdaga han at temperaturen nede på 60 meters djup var svært stabil gjennom året. Fjordsystemet går ut i havet og sikrar gjennom tilstrøymning av friskt havvatn frå golfstraumen. Det er det som gjer eit landbasert anlegg i Raudbergvika attraktiv, meiner Hofseth. Stabil og passe temperatur på vatnet gjer at det ikkje er behov for å bruke energi på å regulere temperaturen på vatnet som skal pumpast gjennom anlegget, og nede på 60 meters djup er det ikkje lakselus.
- Sånn som næringa er i dag kan dette bli ein kostnadsleiar, seier Hofseth.
Han ser for seg eit utbygging av oppdrettsanlegget - som er den største investeringa - i tre etappar. Den første fisken skal slaktast i tredje kvartal 2024 og i 2029 skal anlegget vere fullt utbygd.
- Eg er rimeleg sikker på at pengane klarar vi å hente, seier Hofseth.
Må skje fort
Målet er han og partnarar i Hofseth International skal sitte med minst 51 prosent av eigarskapen Raudbergvika-satsinga. No har han det travelt, for å vere med på å få fart på regional økonomi under koronakrisa,
- Dette må skje fort. Det er no regionen vår treng det, seier Hofseth.
Utanlandske allierte
Roger Hofseth har erfaring med å gå til utlandet for å finansiere investeringar på Nordvestlandet.
Utgangspunktet for heile verksemda hans er fiskeforedling.
I 2008 fann Roger Hofseth og tidlegare finansdirektør i oppdrettselskapet Pan Fish, Ola Holen, saman. Dei samla foredlingsbedriftene Hofseth Syvde i Syvde og Seafood Farmers of Norway på Valderøya i konsernet Hofseth International, der dei til saman eig over 50 prosent av aksjane. Medeigar er også det japanske sjømatselskapet Alliance Seafood, eit datterselskap av det japanske matvaredistribusjonsselskapet Yokohama Reito.
I 2009 tok Hofseth over buet etter Green Earth Industries si satsing på å vidareforedle avskjær og restråstoff frå oppdrett og fiskeri. Det har vore ei langvarig satsing, der millionunderskot om kapitalinnsprøytingar har vore fellesnemnaren. Største aksjonær er det sveitsiskregistrerte investeringselskape Six Sis AG med 24,34 prosent av aksjane, Roger Hofseth as med 15,77 prosent av aksjane og Yokohama Reito med 12,56 prosent.
I 2016 la Hofseth International og og Alliance Seafoods ein milliard kroner på bordet og kjøpte Fjordlaks Aqua, som no heiter Hofseth Aqua. Dei eig partnarane dei kontrollerande aksjane i selskapet 50/50.
Publisert: 18.07.2020 06:00
Sist oppdatert: 11.08.2021 14:37