Høgaste auke i matprisar på 40 år
Men inflasjonen samla er stabil. Det kan bety rentekutt.
(NPK-NTB-André Lorentsen): Frå 2022 til 2023 auka prisane på matvarer med heile 10 prosent. Det er den høgaste årsveksten sidan 1982. Men inflasjonen samla er stabil, noko som kan bety rentekutt.
Frå desember 2022 til desember 2023 har prisane på mat og drikke stige med 8,9 prosent. Samla prisvekst for denne tolvmånadersperioden enda på 4,8 prosent. Tolvmånadersveksten er uendra frå november.
– Prisveksten på mat og alkoholfrie drikkevarer held fram med å vere det som bidreg mest til at tolvmånadersveksten i KPI held seg på eit høgt nivå, seier seksjonsleiar Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.
Trur på rentekutt allereie i mars
Den såkalla kjerneinflasjonen (KPI-JAE), som er prisar justerte for avgiftsendringar og utan energivarer, steig 5,5 prosent i same periode, ned frå 5,8 prosent i november. Det er 0,1 prosentpoeng lågare enn Noregs Bank venta, noko som kan bety rentekutt.
– Inflasjonen held seg ubehageleg høgt for Noregs Bank, men er i tråd med prognosane deira. Det viktigaste er at kjerneinflasjonen fell vidare. Viss det held fram i same tempo, blir det opna for rentekutt i mars, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank.
Ifølgje marknaden er det 50 prosent sjanse for at renta blir kutta på rentemøtet i mars. Føresetnaden er at kronekursen ikkje svekkjer seg markert frå dagens nivå.
Meiner kuttet må vente til september
Seniorstrateg Dane Cekov i Nordea Markets ventar lågare inflasjonstal i månadene som kjem enn det Noregs Bank anslo i desember, men han trur ikkje på rentekutt før i september.
– Dagens tal, saman med ein 3.5 prosent sterkare krone enn venta av Noregs Bank, peikar mot eit raskare rentekutt enn Noregs Bank signaliserte på desembermøtet. Vi ser det første rentekuttet i september 2024, medan sentralbanken varsla at første rentekutt skulle komme etter hausten, spår Cekov.
Analysen frå DNB Markets er den same.
– Dette støttar godt opp om forventningane våre om snarlege rentekutt frå Noregs Bank, skriv DNBs makroanalytikar Kelly K. Chen i morgonrapporten sin onsdag.
Neste rentemøte er om to veker.
Ny rekord for kjerneinflasjonen
Årsveksten i KPI i 2023 enda på 5,5 prosent. Dette skil seg frå tolvmånadersveksten i desember, som måler desember 2023 mot desember 2022.
Årsveksten i kjerneinflasjonen enda på 6,2 prosent i 2023, som er det høgaste som har vore registrert nokon gong for denne indeksen. Dette er heile 2,3 prosentpoeng høgare enn den førre toppnoteringa i 2022 då veksten var på 3,9 prosent.
(©NPK)
Publisert: 10.01.2024 09:33
Sist oppdatert: 10.01.2024 09:33