Bensin og dieselpris 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
PRISHOPP: Tidleg i vår var dette rekordprisar. Det er det ikkje lenger. Høgare drivstoffprisar er ei viktig årsak til at prisauken er den høgaste sidan 1988. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Høgaste prisvekst sidan 1988

Straum- og drivstoffprisane er viktigaste årsak til prisauken.

10.06.2022

NPK-NTB: Konsumprisindeksen (KPI) har stige med 5,7 prosent frå mai i fjor til mai i år. Det er den høgaste tolvmånadersveksten SSB har målt sidan desember 1988.

– I eit historisk perspektiv er dette den sterkaste prisveksten målt sidan desember 1988. Det er først og fremst auka prisar på straum og drivstoff som gjer at tolvmånadersendringa i KPI er så høg, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Les melding frå SSB her

Dyrarar mat og møblar
Høg prisvekst på møblar og matvarer bidreg også til auken.

– Den høgare tolvmånadersraten kjem sjølv om straumprisane gjekk noko ned frå april til mai, medan dei gjekk opp på same tid i fjor. Isolert sett trekkjer straumprisen auken i KPI ned, men prisane stig på mange nok andre varer og tenester til at veksttakten likevel aukar frå april til mai, seier Espen Kristiansen.

Matvareprisane var 3,1 prosent høgare i mai enn eitt år tidlegare, opp frå ein tolvmånadersvekst på 2,1 prosent i april.

Publisert: 10.06.2022 08:24

Sist oppdatert: 10.06.2022 09:27