Rune E Riksen torskenettverket Ola Kvalheim Ode anlegg Alida foto Ogne
Styreleiar Rune Eriksen (t.v.) i Torskenettverket og Ode-sjef Ola Kvalheim på Ode sitt anlegg ved Alida i Volda under Torskenettverk-møtet i Ålesund denne veka. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Høna og egget-utfordring i torskeoppdrett

Treng storleik for å få ein marknad, og ein marknad for å blir stor.

11.06.2023
ANALYSE

Omlag 100 aktørar i og tilknytta torskeoppdrettbransjen var denne veka samla i Ålesund for å utveksle erfaringar og diskutere korleis næringa skal utviklast og få vidare vekst.

Torskenettverket, som vart etablert i 2019, har 51 medlemsbedrifter. Samlinga i Ålesund, der oppdrettselskapet Ode (tidlegare Gadus Group) var vertskap, er den hittil største nettverket har hatt.

- Det er for få tilgjengelige lokalitetar, som er naudsynt for å få til ein stabil leveranse av det fantastiske produktet oppdrettstorsken er, seier styreleiar Rune Eriksen i Torskenettverket, om kva som er den viktigaste faktoren som står i vegen for større vekst.

I 2022 vart det slakta 3856 tonn oppdrettstorsk, hittil i år 4625 tonn - med ein eksportverdi på 223 millionar kroner. Det er ei næring i sterk vekst, men frå eit låg nivå. Hittil i år er det eksportert 92 gangar meir oppdrettslaks enn oppdrettstorsk - verdt 48 milliardar kroner.

Statt Torsk sende tidlegare i år ut børsmelding om at selskapet hadde fått ein skuffande låg pris for torsken sin, langt under det fiskerinæringa får betalt for torskefangsten sin.

Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie forklarar prisen selskapet fekk med at ein ting var å levere torsk til ein etablert kunde som kjende selskapet og kvaliteten på fisken, noko anna var å få like god pris når fisken skulle leggast i spotmarknaden. Då slår uvissa inn, både når det gjeld kvalitet, leveringstryggleik om forbrukarane vil har oppdrettstorsken.

Leveringstryggleik heng saman med mengda torsk oppdrettane kan levere.

Oppdrettarane må produsere meir for å vere ein stabil leverandør året gjennom, og då må det fleire lokalitetar til for nye oppdrettsanlegg. Å få forståing og gjennomslag for det er ein del av det Torskenettverket skal arbeid med.

Lakseoppdrettarane har vore på plass langs kysten i fleire tiår og har allereie tatt opp mange aktuelle plassar for oppdrettsanlegg. Opinionen har dessutan blitt meir kritisk og regelverket for å etablere oppdrettsanlegg har blitt strengare.

Lakseoppdrett er dessutan meir attraktivt for kommunane. Gjennom den såkalla produksjonsavgifta gir lakseoppdrettsanlegga millioninntekter til kommunar med lakseoppdrettanlegg innan kommunegrensene sine. Det er pengar torskeoppdrettarane ikkje bidreg med, i alle fall ikkje førebels.

Difor har Eriksen og kollegene i Torskenettverket ei større utfordring enn lakseoppdrettarne hadde med å få plass i fjordane den gang lakseoppdrettnæringa vaks fram.

Lakseoppdrettarane hadde også den fordelen at vill laks var eksklusiv, og så dyr i starten, at det var råd å selje oppdrettslaks med forteneste, sjølv med høge produksjonskostnadar.

Sjølv med historisk høge torskeprisar i villfiskmarknaden er torsken relativt billegare i høve til produksjonskostnaden enn laksen var i pioneertida for lakseoppdrettarane.

Torskeoppdrettarne har med andre ord mindre rom for prøving og feiling og må bruke meir tid på å utvikle næringa fram til stordriftsfordelar slår ut i reduserte kostnadar og betre lønsemd.

Konsekvensen er at det er meir kapitalkrevjande å bygge opp torskeoppdrettsnæring. Det er ein fordel med tolmodige eigarar, med djupe lommer.

Publisert: 11.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 11.06.2023 12:09