Høyr ny Podium-episode
– No er vi alle saman i ein slags limbo, seier Gunn-Marit Nerem i Cflow. Ho gjestar podcast-studio saman med Hareid Group-sjefen.
Kor tøft vert det komande året for næringslivet på Sunnmøre? Og kva vil varsla lakseskatt, auka arbeidsgivaravgift og auke i formue- og utbytteskatt ha å seie, spør pogramleiarane i den nyaste episoda av podcasten Podium.
E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?
– No er vi alle saman i ein slags limbo. De er utsett av enorme investeringar og alle ventar no på at dette skal bli avgjort og skal lande på ein alle anna måte, seier Gunn-Marit Nerem som er nestleiar for salsverksemda i leverandørbedrifta Cflow.
I den nyaste episoden av podcasten Podium har vi invitert ho og administrerande direktør Olav Haug Vikebakk i Hareid Group til studioet.
Temaet for episoden er dei urolege tidene med permitteringar, oppseiingar og kansellerte kontrakter langs heile kysten.
Varsla skatteauke på 46 milliardar får mykje av skulda, medan grunnrenteskatt for oppdrettsbransjen har fått mykje kritikk.
Fleire har påpeika at ein del av problema – med ein laksemarknad som har stoppa heilt opp – har å gjere med innretningar i forslaget som ligg på bordet.
– For vår del ser det ut som det ikkje er gjort ei grundig vurdering av konsekvensane, seier Nerem og påeiker på normpris, refusjon og botnfrådrag som problematiske områder.
Programleiarar i denne episoden er Ingvild Vartdal og Hans-Christian Vadseth. Produsent er Gjenklang.
Podium er ein podkast på NETT NO om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord, i samarbeid med advokatfirmaet Adviso og Pir. Podcasten er eit annonseprodukt.
E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?
E17/S2 Djup uro for skattetungt budsjett
E16/S2 Podium: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet?
E15/S2 Bærekraft i næringslivet
E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth
E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?
E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.
Publisert: 14.11.2022 08:56
Sist oppdatert: 14.11.2022 11:34